Spesialisthelsetjenestens rapport for samfunnsansvar 2020
Spesialisthelsetjenestens rapport for samfunnsansvar 2020 – last ned PDFI rapporten er klimarekneskapen for 2020 summert opp. Færre reiser på grunn av koronapandemien, nye digitale måtar å jobbe på og eit varmt år gav lågare energiforbruk i sjukehussektoren. Ifølgje Meteorologisk institutt var 2020 det varmaste året sidan målingane starta for 120 år sidan.
Tilsette i spesialisthelsetenesta gjennomførte 71 prosent færre flyreiser i 2020 samanlikna med året før. Dette er ein reduksjon på nesten 10 000 tonn CO2, som svarer til 1800 gonger rundt jorda med fly og over 130 millionar kroner spart i flybillettar.
Sårstell med videokonferanse
2020 sette fart i bruk av digitale verktøy i alle helseføretaka i Noreg. I rapporten kan du lese at UNN Harstad steller sår via videokonferanse. St. Olavs hospital har målt at den utovervende digitale verksemda (telefon og video) har auka frå 3 til 22 prosent i 2020.
Sårpasientar ved Kirurgisk poliklinikk i UNN Harstad får no eit betre tilbod takk vere eit forbetringsarbeid leia av sårsjukepleiar Linn Hammertun (foran), med støtte frå seksjonsleiar Renate Vogt (t.h.) og kvalitetsrådgivar Anja Kjærland. Foto: Rune Stoltz Bertinussen
I dag er 26 prosent av køyretøyparken ved Oslo universitetssykehus fri for utslepp, med god hjelp frå elbilsatsinga i transportavdelinga og prehospital klinikk. Målet om 15 prosent køyretøy frie for utslepp innan 2020 blei nådd med god margin.
Spesialisthelsetenesta skal vere leiande i sitt arbeid med miljø og bærekraft, og fremje god helse gjennom miljøvennlig drift.
Selskap med statleg eigardel arbeider systematisk med sitt samfunnsansvar og er leiande på sine område. I tillegg til forventingar knytte til klima og miljø skal sjukehusa også jobbe systematisk med menneskerettar, arbeidstakarrettar og antikorrupsjon. Sykehusinnkjøp har blant anna hatt ei vellukka oppfølging av ein fabrikk i Malaysia, som sikra oss nok eingongshanskar under pandemien.
I Helse Bergen er det sett i verk ein del tiltak for å sikre at vi har seriøse entreprenørar som utfører arbeid på eigedomen. Foto: Aleksander Valestrand, Helse Bergen.
Eit viktig samfunnsansvar
Denne rapporten er den tredje fellesrapporten dei fire regionale helseføretaka presenterer om spesialisthelsetenesta sitt arbeid med samfunnsansvar. Rapporten omfattar alle helseføretak i landet og dei felleseigde selskapa. Innhaldet i rapporten handlar om klima og miljø, menneskerettar og arbeidstakarrettar, i tillegg til antikorrupsjon.
Spesialisthelsetenesta ønskjer å vere leiande i sitt arbeid som ansvarleg verksemd og bidra til ei berekraftig utvikling. Som ein av dei største eigedomsforvaltarane i Noreg, er Helse Sør-Øst sitt ansvar bevisst og har slutta seg til strakstiltaka vegkart for grøn omstilling i eigedomssektoren.
Kontaktpersonar
Ivar Eriksen, eigardirektør, tlf. 415 33 814
Brita Mauritzen Næss, seniorrådgivar, tlf 906 74 555
Les rapporten Spesialisthelsetjenestens rapport for samfunnsansvar 2020