Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Over ein milliard til forsking og innovasjon til beste for pasientane

I annleisåret 2020 blei det forska og gjort innovasjon for meir enn éin milliard kroner i helseføretak landet over. Som tidlegare år, går mest pengar til kreftforsking.

Publisert 01.06.2021
Sist oppdatert 07.06.2021
En mann som holder en bok

Forsking og innovasjon i sjukehusa gir ny kunnskap til beste for pasientar og pasientbehandling. I fjor blei det brukt 1 136 millionar kroner i  regionale forskingsmidlar, i norske sjukehus. Framleis går mest pengar til kreft.

– Imponerande omstillingsevne

Det viser rapporten «Forskning og innovasjon til pasientens beste» som blei overrekt helse- og omsorgsminister Bent Høie tysdag 1. juni.

– Rapporten frå annleisåret 2020 viser ei imponerande omstillingsevne. Rapporten viser tydeleg at forsking og innovasjon i sjukehusa er relevante og viktige for pasientane, seier han.

Den nasjonale rapporten er eit samarbeid mellom dei fire helseregionane, og presenterer forskings- og innovasjonsprosjekt frå små og store sjukehus over heile landet. Rapporten er laga for åttande gong, på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet.

–  Denne rapporten fortel oss med bilde, ord og tal kor viktig forskings- og innovasjonsaktiviteten i sjukehusa er for den enkelte pasienten, og for utviklinga av gode og trygge helsetenester. Nok ein gang viser han mangfaldet i aktiviteten. Det er med stoltheit eg tek imot rapporten. Ein stor takk til alle som bidreg til at vi har ei teneste med ein god praksis for kunnskap, seier Høie.

Helse Vest RHF har på vegner av dei fire regionale helseføretaka, leia arbeidet med  rapporten. Her blir smakebitar frå 18 prosjekt frå nord til sør presentert, i tillegg til nøkkeltal om forskings- og innovasjonsaktiviteten.

– Prosjekta viser spennvidda i forskings- og innovasjonsaktiviteten over heile landet. Trass utfordringane som pandemien har gitt oss, viser rapporten omstillingsevna i helsevesenet, seier fagdirektør i Helse vest, Baard-Christian Schem.

Koronaforsking

Den pågåande pandemien har også prega forskinga, noko som viser att i rapporten. Eit prosjekt i Trondheim viser mellom anna der forskarar på rekordtid fann ein ny testmetode då sjukehusa var i ferd med å gå tomme for testutstyr. Til no har dei levert fleire millionar reagensar og omlag éin million nordmenn er diagnostisert med deira metode.

I Bergen har forskarar ved Influensasenteret i Bergen undersøkt korleis immunforsvaret vårt responderer både på covid-19-infeksjon og vaksine. Her har mellom anna over 1600 helsearbeidarar og 400 pasientar og husstandsmedlemmar delteke. Eit av resultata er at mange slit med tung pust, trøyttleik, endra smaks- og luktesans og redusert minne, seks månader etter å ha vore smitta. Det gjeld også dei som ikkje har vore innlagde på sjukehus.

Kunstig intelligens

Kunstig intelligens, der datasystem lærer av eigne erfaringar og løyser komplekse problem, kjem meir og meir inn i helseforsking og behandling. I rapporten blir fleire prosjekt med kunstig intelligens presenterte.

Kunstig intelligens blir mellomg anna brukt til å kartleggje psykisk sjukdom, oppdage hjernekreft og i forsking på immunforsvaret til MS-pasientar.

Les heile rapporten (pdf)

Meir brukarmedverknad

Siste del av rapporten omfattar nøkkeltal for forskning og innovasjon i spesialisthelsetenesta i 2020. Her kan du mellom anna lese at talet på avlagde doktorgrader er det høgaste sidan 2007, og at talet på vitskaplege publikasjonar stig jamt.

Også i 2020 var kreft det fagområdet som fekk flest regionale forskingskroner, med 20 prosent av midlane. Det er nesten dobbelt så mykje som dei neste fagområda på lista som er hjerne- og nervesystem, og hjarte og kar.

Brukarmedverknad er eit mål for å betre kvaliteten og relevansen i forsking. Her bidreg pasientar og pårørande med sine perspektiv, behov og erfaringar. Brukarmedverknad i forskingsprosjekt har stige jamt frå 20 prosent i 2014 til 81 prosent i 2020.

I rapporten for 2020 er data frå innovasjonsprosjekt finansierte av dei regionale helseføretaka* henta inn og presenterte for første gong. Målet er mellom anna få oversikt over kven prosjekta samarbeider med. Næringslivet toppar lista, men nesten like mange samarbeider med universitets- og høgskulesektoren, andre helseføretak og TTO-ar (Technology Transfer Office).

Nokre nøkkeltal:

  • I 2020 blei det totalt avlagt 351 doktorgrader. Det er det høgaste som er målt i perioden 2007 – 2020
  • I 2020 var det over 4500 vitskapelege publikasjonar
  • I 2020 blei 61 prosent av forskingsmidlane i dei regionale helseføretaka tildelt kliniske studiar

*Helse Nord, Helse Midt-Norge, Helse Sør-Øst og Helse Vest