– Ekspertpanelet er ei nasjonal ordning som gjer det mogleg for pasientar med begrensa levetid å få ei ny vurdering. Vi vurderer sjukdommen og behandlinga som er gitt for den enkelte pasienten. Så kan vi gi råd om ytterlegare godkjent behandling, studiar i Noreg og utlandet eller behandling som ennå ikke er godkjend i Noreg, fortel leiaren av Ekspertpanelet, Halfdan Sørbye.
Sjå årsrapport for Ekspertpanelet 2020
I 2020 blei 115 saker vurderte. Det er framleis færre enn venta.
I 16 saker blei det gitt råd om utprøvande behandling utanfor studiar (off-label behandling). I over halvparten av sakene bekrefta Ekspertpanelet planlagd skissert behandling utan ytterlegere forslag til annan behandling. I 23 saker fann dei ikke nokon ytterlegere behandling, mens i 8 tilfelle gav dei råd om ny etablert behandling.
Kun i 7 saker blei det funnet aktuell studie for pasienten. I 14 saker ble det gitt råd om ny gentest eller anna utgreiing. I 20 saker blei ikke råd om mogleg behandling gitt, då behandlinga ikkje er tilgjengeleg i Noreg, oppsummerer Sørbye.
Du kan lese heile saka på sidene til Ekspertpanelet