Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Resultata frå årets forbetringsundersøking er på nett

77 prosent svarte på medarbeidarundersøkinga "ForBetring", som i år også hadde pandemien som tema. 

Publisert 19.11.2021
Sist oppdatert 24.04.2023
Tre pleiarar står i ein sjukehuskorridor og pratar

​Forbetringsundersøkinga​​ er ei årleg medarbeidarundersøking om arbeidsmiljø, pasienttryggleikskultur og HMS. Undersøkinga er felles for spesialisthelsetetenesta i heile Noreg.

– Det er gledeleg å sjå at over 102 000 medarbeidarar har svart på undersøkinga nasjonalt. Det gir oss verdifu​​ll innsikt i mange viktige tema. I tillegg er det svært nyttig med tilbakemeldingar om korleis pandemien har påverka arbeidskvardagen, seier Hilde Christiansen, direktør medarbeidar, organisasjon, teknologi i Helse Vest RHF.

Læringspunkta er fleire. Resultata skal følgast opp vidare i føretaka og på kvar avdeling for stadig å betre områda un​dersøkinga gjeld. Det er òg laga fleire verktøykasser som både leiarar og medarbeidarar kan ta i bruk i arbeidet med oppfølging av undersøkinga.

– Noko av det vi tek med oss, er at fellesskap er ein føresetnad for engasjementet. Vi er på vårt beste når medarbeida​​​rar, vernetenesta, tillitsvalde og leiarar engasjerer seg saman. I tillegg til dette har mange medarbeidarar delteke på forbetringsutdanninga. Vi er spente på kva effekt det vil ha både når det gjeld pasientsikkerheit og HMS, seier Christiansen.

Les h​​eile undersøkinga​