Helse Vest RHF lyste tidlegare i haust ut midlar til regionale innovasjonsprosjekt i to kategoriar, nye prosjekt og idéoverføring.
Til søknadsfristen 7. oktober 2022 kom det inn totalt 52 søknadar, og det blei søkt om totalt 35 millionar kroner. Heile 22 prosjekt får stønad, 11 i kategorien nye innovasjonsprosjekt og 11 i kategorien idéoverføring.
Høg kvalitet
Innovasjonsmidane frå Helse Vest er eit verkemiddel for å leggje til rette for innovasjon i helsetenesta og å nå måla i Nasjonal helse- og sjukehusplan, den regionale strategien Helse 2035 og utviklingsplanar. Søknadane syner høg innovasjonsaktivitet i heile føretaksgruppa, særleg knytt til nye og betre arbeidsformer ved bruk av teknologi.
– Ekstra gledeleg er det at så mange tok oppmodinga om å søke midlar for overføring av innovasjonar frå andre sjukehus og regionar. Her har me eit viktig verkemiddel for å stimulere til samarbeid og skalering av løysingar som kan vise til lovande resultat og gevinstar for helsetenesta og pasientane, seier administrerande direktør Inger Cathrine Bryne i Helse Vest RHF.
Leiarmøtet i Helse Vest vedtok tildeling 6. desember. Ein regional innovasjonskomité har vurdert søknadane etter gitte vurderingskriterium.
Desse får innovasjonsstøtte:
Nye prosjekt i eige helseføretak:
Implementation of artificial intelligence as support tools for pathology in Helse Vest
Prosjektleiar: Emiel Janssen
Prosjekteigar: Helse Stavanger HF
Samarbeidspartnarar: Helse Bergen HF, Helse Fonna HF, Helse Førde HF, Empaia
CardioSmart
Prosjektleiar: Stig Urheim
Prosjekteigar: Helse Bergen HF
Samarbeidspartnarar: Produktutvikling
Pasientsentrert hjemmeoppfølging for kne- og hofteartrosepasienter etter proteseoperasjon
Prosjektleiar: Ane Djuv
Prosjekteigar: Helse Stavanger HF
Samarbeidspartnarar: Helse Bergen HF, Helse Vest IKT
Videreutvikling av det nyutviklede kateterbaserte systemet PRESERVE for bruk hos pasienter med persisterende hjertestans utenfor sykehus
Prosjektleiar: Vegard Tuseth
Prosjekteigar: Helse Bergen HF
Samarbeidspartnarar: Helse Stavanger HF
Digital løsning for interne språk- og flerkulturelle ressurser
Prosjektleiar: Lene Thowsen Harloff
Prosjekteigar: Helse Bergen HF
Samarbeidspartnarar: Helse Fonna HF, Helse Førde HF, Helse Vest IKT
Forebygging og behandling av underernæring med digitale verktøy
Prosjektleiar: Oddveig Fossdal Drøpping
Prosjekteigar: Helse Stavanger HF
Samarbeidspartnarar: Helse Bergen HF, Helse Fonna HF, Helse Førde HF, Helse Vest IKT, Foodcapture, Haraldsplass Diakonale Sykehus, Stavanger kommune
Digital håndtering av søknader om utprøvende legemiddelbehandling og unntaksordning
Prosjektleiar: Jannicke Slettli Wathne
Prosjekteigar: Helse Bergen HF
Samarbeidspartnarar: Helse Stavanger HF, Helse Vest IKT, Universitetssykehuset i Nord-Norge, Oslo Universitetssykehus, St. Olavs Hospital HF
Safer Births Data-Driven Learning
Prosjektleiar: Siren Rettedal
Prosjekteigar: Helse Stavanger HF
Samarbeidspartnarar: Helse Bergen HF, Helse Førde HF, Universitetet i Stavanger, Laerdal Medical
WE-BELONG-Wearables - for bedre psykisk helse hos barn og unge
Prosjektleiar: Arne Kodal
Prosjekteigar: Helse Bergen HF
Samarbeidspartnarar: Helse Bergen HF, Helse Fonna HF, Helse Førde HF, Helse Vest IKT, Universitetet i Bergen, Strathclyde University i Skottland
Individualisert behandlingsplan for smerte etter kirurgi
Prosjektleiar: Hans Jocob Westbye
Prosjekteigar: Helse Førde HF
Samarbeidspartnarar: Helse Bergen HF, Høgskulen på Vestlandet, Norse Feedback
MindMe - accessible mental health services
Prosjektleiar: Oddbjørn Hove
Prosjekteigar: Helse Fonna HF
Samarbeidspartnarar: Helse Bergen HF, Helse Stavanger HF, Helse Vest IKT, Sykehusinnkjøp divisjon Vest, University of Chester (Chester Medical School) i England, Stavanger kommune
Idéoverføring
Prosjekt som får stønad til å adoptere same idéoverføring har fått justert stønadssum, og krav om samarbeid.
Brukerstyrt epilepsioppfølging - Full throttle
Prosjektleiar: Marte-Helene Bjørk
Prosjekteigar: Helse Bergen HF
Samarbeidspartnarar: Helse Bergen HF, Helse Førde HF, Helse Stavanger HF
Idéoverføring frå: Vestre Viken HF
Brukerstyrt digital epilepsioppfølging - best behandling til de som trenger det mestProsjektleiar: Sara Mathisen
Prosjekteigar: Helse Stavanger HF
Samarbeidspartnarar: Helse Bergen HF, Helse Stavanger HF
Idéoverføring frå: Vestre Viken HF og Helse Bergen HF
Brukarstyrt digital oppfølging ved epilepsi
Prosjektleiar: Solveig Øvrebø
Prosjekteigar: Helse Førde HF
Samarbeidspartnarar: Annen norsk institusjon, Helse Bergen HF, Helse Førde HF
Idéoverføring frå: Vestre Viken HF og Helse Bergen HF
Brukarstyrt poliklinikk for handleddsbrot
Prosjektleiar: Kari Anne Indrebø
Prosjekteigar: Helse Førde HF
Samarbeidspartnarar: Helse Bergen HF, Helse Stavanger HF
Idéoverføring frå: Helse Bergen HF
Brukerstyrt oppfølging av personer med håndleddsbrudd
Prosjektleiar: Kari Elisabeth Heggland
Prosjekteigar: Helse Fonna HF
Samarbeidspartnarar: Helse Fonna HF
Idéoverføring frå: Helse Bergen HF
Virtuelt hjemmesykehus
Prosjektleiar: Sønnøve Dalane
Prosjekteigar: Helse Fonna HF
Samarbeidspartnarar: Helse Fonna HF
Idéoverføring frå: Sykehuset i Vestfold
Akutt poliklinikk - ikke akuttmottak
Prosjektleiar: Stian Bergby
Prosjekteigar: Helse Stavanger HF
Samarbeidspartnarar: Annen norsk institusjon, Helse Bergen HF, Helse Førde HF, Helse Stavanger HF
Idéoverføring frå: St. Olavs Hospital HF
Intensivt ambulant team for hjemmeboende eldre
Prosjektleiar: Kia Minna Johanna Hynninen
Prosjekteigar: NKS Olaviken alderspsykiatriske sykehus
Samarbeidspartnarar: Universitetet i Stavanger, annen norsk institusjon, Helse Stavanger HF
Idéoverføring frå: IAT-modell (konsept - ny brukargruppe)
Utprøvning av story-stem testen Odense Child Trauma Screening (OCTS) for norske barn i alderen 4-8 år
Prosjektleiar: Emiel Boregaard-Iversen
Prosjekteigar: Helse Stavanger HF
Samarbeidspartnarar: Annen norsk institusjon
Idéoverføring frå: Vidensenter for psychotraumatologi, Syddansk Universitet, Danmark
Tidleg avklaringsteam for pasientar i psykisk helsevern - på veg mot ei einskapleg helseteneste
Prosjektleiar: Audhild Hønsi
Prosjekteigar: Helse Stavanger HF
Samarbeidspartnarar: Universitetet i Stavanger, annen norsk institusjon
Idéoverføring frå: Nidelv DPS
IPS in Pain - tverrfaglig smertebehandling med jobbspesialist
Prosjektleiar: Borrik Schjødt
Prosjekteigar: Helse Bergen HF
Samarbeidspartnarar: NAV
Idéoverføring frå: St. Olavs Hospital HF
Alle som har sendt inn søknad vil få ei tilbakemelding.
Merk: Dei som får stønad vil få eit tildelingsbrev med eksakt stønadsbeløp, og meir informasjon om vilkåra for stønad.
Det vil kome meir informasjon om prosjekta som har fått stønad.