logo Helse Vest

Avtalar for rusbehandling er signerte

Nye avtalar innanfor tverrfagleg spesialisert rusbehandling, som sikrar eit godt og heilskapleg tilbod til pasientar med rusproblem i regionen, trer i kraft frå 2023. 

Publisert 09.12.2022
Sist oppdatert 18.04.2023

Anskaffinga for avtalar med private institusjonar innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) har vore til behandling i domstolen. Sør-Rogaland tingrett behandla ei mellombels åtgjerd frå leverandøren Rogaland A-senter. Avgjerda, som kom i dag, ga Helse Vest RHF rett til å signere alle avtalar knytte til anskaffinga. Det er no inngått avtalar med fem leverandørar på Vestlandet.

Mann i mørk dress smiler mot kamera. Foto.

Ivar Eriksen, eigardirektør i Helse Vest RHF.

– Me er glade for at pasientane er sikra eit godt tilbod, med høg kvalitet også vidare. Det er gode og solide behandlingstilbod som dei valde leverandørane har. Tilboda som vann fram har levert den beste kombinasjonen av kvalitet og pris. Me har vege kvalitet tyngre enn pris, seier Ivar Eriksen, eigardirektør i Helse Vest RHF og ansvarleg for anskaffinga innanfor tverrfagleg spesialisert rusbehandling.

Det er sjukehusa som i all hovudsak står for behandlinga av pasientar med rusproblem i spesialisthelsetenesta. I tillegg har Helse Vest RHF avtale med nokre private institusjonar, og det er desse avtalane som no har vore på anbod.

​Tyrilistiftelsen ny leverandør

Av dei fem leverandørane Helse Vest RHF inngår kontrakt med på Vestlandet, har fire allereie avtale med Helse Vest i dag. Det er Crux Kalfaret i Bergen, Haugaland A-senter i Fonna og Crux Verksgata, Frelsesarmeen og Tyrilistiftelsen (ny leverandør) i Stavanger. Helse Vest skal kjøpe rusbehandling for ei økonomisk ramme på til saman 283,5 millionar kroner.

I Stavanger-området har det vore reaksjonar knytte til at Rogaland A-senter ikkje lenger er leverandør etter anskaffinga.

– Me har forståing for reaksjonar som kjem etter at ei verksemd som har hatt avtale med Helse Vest gjennom lang tid, ikkje får denne vidareført. Rogaland A-senter har levert gode tenester innanfor rusbehandling gjennom mange år i Stavangerregionen, men prisen var ikkje konkurransedyktig denne gongen. Alle tilbydarane har presentert gode behandlingstilbod, og det totale tilbodet for rusbehandling i regionen vil etter vår vurdering vere av minst same kvalitet også framover, seier Eriksen.

​Styrkjer rusmedisinsk overvaking

Anskaffinga styrkjer kvaliteten på rusmedisinsk overvaking (abstinensbehandling) som ein del av døgnbehandlinga hos alle leverandørar. Det vil seie pasientar som har behov for hyppig tilsyn og oppfølging, til dømes to til tre gonger per time, på grunn av akutt rusmiddelpåverknad eller abstinens. Det kan vere pasientar med stigande blandingsrus av opioid og benzodiazepiner og/eller andre rusmiddel, eller aukande alkoholabstinensar.