Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Digital patologi i heile Helse Vest

No tar alle føretaka i Helse Vest i bruk digital patogologi. Det betyr at alle sjukehusa i regionen får umiddelbar tilgang til å vurdere snitt digitalt via ein dataskjerm. Det opnar også opp for deling av informasjon på tvers av sjukehusa.

Publisert 10.02.2022
Et par kvinner i et laboratorium
​– Det er utruleg å få vere med på noko som er så historisk for pasientane våre, seier Kristine Bø.

Ho er prosjektleiar i Helse Vest IKT og for digital patologi i Helse Vest, og har hatt ansvar for å løfte patologiarbeidet ved sjukehusa inn i ein ny, digital verd. Hausten 2021 var ho i Førde, då sentralsjukehuset der feira at dei var det første sjukehuset i regionen som tok i bruk digital patologi. 9. februar tek resten av helseføretaka i Helse Vest i bruk den same teknologien. 

– Det betyr at alle sjukehusa i regionen frå no av får umiddelbar tilgang til å vurdere snitt digitalt via ein dataskjerm, seier Bø. 
​Ein digital revolusjon 
Patologar har fram til no undersøkt vevsprøvar i eit mikroskop. Med digital patologi vil prøvane i staden verte skanna inn med spesialskannarar, slik at patologane kan studere prøvane på skjerm. Dette gjer bileta tilgjengelege for patologar på andre plassar i Helse Vest, med ein gong. Slik opnar ein opp for deling av informasjon på tvers av sjukehusa. 

– Ved behov kan ein konsultere andre patologar digitalt, utan å måtte sende vevsprøvar via post, slik som var praksis tidlegare, forklarar Bø.

Vanleg rutine for sending av vevsprøvar til andre sjukehus har tidlegare inkludert merking, pakking og postsending. Mottakar har deretter registrert og granska prøven, før dei har sendt svara tilbake. Ein langdryg prosess, med andre ord. 

– Innføringa av digital patologi er et viktig tiltak for å frigjere tid og auke effektiviteten på jobben vi gjer. Samhandling på tvers av helseføretaka i heile Helse Vest vert mykje enklare no.

Slik kan eit digitalt snitt av ein vevsprøve sjå ut. Foto: Helse Bergen

​Dette betyr digital pat​​ologi for pasientane
Kvart år aukar mengda kreftundersøkingar med 5–10 prosent. Det er venta at stadig fleire kjem til å leve lenger med kreft og andre sjukdommar. Samstundes som prøvevolumet til patologiavdelingar aukar, er det for få patologar og bioingeniørar til å handtere den aukande arbeidsmengda. 

Med digital patologi og nye arbeidsverktøy derimot, kan arbeidskvardagen for patologane og bioingeniørane bli mykje meir effektiv. For pasienten vil den nye løysninga sikre dei beste svara, uansett kva sjukehus dei høyrer til. Ein overordna gevinst i framtida er kortare svartidar og auka pasienttryggheit. 

– Eit viktig steg for framtidas diagnostikk, særleg innan kreftområdet, presiserer prosjektleiar Bø. 
Trivst med å arbeide di​gitalt  i Førde 
På sjukehuset i Førde sitt ein fornøgd Tonje Bøyum Rise. Ho er sjef på avdeling for patologi, og har omtrent fire månadar med erfaring frå innføringa der. 

– Våre patologar melder om god bildekvalitet, og dei seier at dei trivst med å arbeide digitalt. Andre medarbeidarar har hatt glede av nytt utstyr, og litt nye rutinar i arbeidet. Vi er allereie no komfortable nok med digital patologi til at vi har slutta å dele ut fysiske snitt, og gått over til heildigital gransking.

Ho ser fram til betre samhandling med resten av fagmiljøet i regionen. 

– Vi gler oss til at heile patologimiljøet i Helse Vest no skal sette i gong. Regional digital patologi vil gje oss ein ny og betre kvardag, med enda tettare samarbeid i Helse Vest.

Nasjonal innføring i gong

​I januar 2020 fekk Helse Vest ansvaret for å lose det nasjonale digitaliseringsprosjektet i hamn. Helse Midt-Norge har allereie tatt i bruk den same teknologien som Helse Vest. Prosessen med å implementere praksisen i Helse Nord og Helse Sør-Øst er også godt i gang. 

Innføring av digital patologi i regionane vil gi  smidigare arbeidsprosessar og støtte til diagnostisk arbeid. Håpet er at digital patologi skal vere vanleg praksis innan nokre år. 

Dette gjer ein patolog

  • Ein patolog er ein lege som er spesialist på forandringar i celler og vev. 
  • Dei vurderer vevsprøvar frå pasientar som har alt frå godarta kreftsvulstar, betennelses-tilstandar og kroniske sjukdommar, til prøver kor det er mistanke om kreft.
  • Patologen stiller vurdering for behandling og prognose for pasientane.
Kilde: Store medisinske leksikon