– Talet på pasientar innanfor sikkerheitspsykiatrien held fram med å auke, men vi er ikkje godt nok rusta for å ta imot dei, og vi har ikkje nok kapasitet i føretaka. Ei styrking av dette fagområdet, for pasientar og medarbeidarar, er viktig og har høg prioritet i Helse Vest, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest.
Dei siste åra har det vorte fleire pasientar med kombinasjonen alvorleg rusmisbruk og alvorleg psykisk sjukdom eller valdsproblematikk.
– Desse pasientane har ein alvorleg psykiatrisk sjukdom, dei utgjer ein fare for omgjevnadane grunna valdeleg åtferd, og dei har ofte store rusproblem. I tillegg er det eit jamnt og stort tal personar som blir dømt til psykisk helsevern, seier Ola Jøsendal, assisterande fagdirektør i Helse Vest.
Plan for styrking av tilbodet
Psykisk helsevern er eit stort satsingsområde for Helse Vest. I mars 2021 vedtok styret ein regional plan for styrking av fagområdet med inntil 20 millionar for 2021 og ytterlegare 20 millionar i 2022. I tillegg har dei fire helseføretaka utarbeida lokale planar for styrking av sikkerheitspsykiatrien.
– Føretaka planlegg å auke talet på døgnplassar, men like viktig er planane om å styrkje bemanninga og å etablere polikliniske og ambulante team. Så må vi bidra til at føretaka kan gjennomføre planane og styrkje fagområdet, seier Bryne.
– Målet er at både kvaliteten og kapasiteten i sikkerheitspsykiatrien har blitt vesentleg betre innan 2025, avsluttar Bryne.
Hovudpunkta i planane
Førde
- styrking av ambulante tenester
- utviding av talet på sikkerheitsplassar frå 3 til 4
Bergen
- etablering av poliklinikk, dagavdeling og ambulante tenester
- auka skjermingskapasitet, bygningsmessig tilrettelegging
- oppretting av 16 nye lokale sikkerheitsplassar
Fonna
- bygningsmessig tilrettelegging
- styrking av bemanning
- kompetanseheving
Stavanger
- bygningsmessig tilrettelegging
- oppretting av ambulant team
- styrking av bemanning
- oppretting av 6 nye sikkerheitsplassar
- kompetanseheving