Styremedlemmene som blir valde er likeverdige styremedlemmer på linje med dei styremedlemmene som blir oppnemnde av eigar. Dei har òg dei same rettane og ansvaret. Vervet som styrerepresentantar er ei viktig oppgåve.
Det skal veljast styremedlemmer på to nivå - både til styret i det regionale helseføretaket (Helse Vest RHF) og til styret i ditt helseføretak/Helse Vest IKT AS. Du bør derfor engasjere deg i begge desse vala, som vil skje samtidig.
Vi ønskjer at du skal engasjere deg!
Korleis skal valet skje?
Valet kan gjennomførast på to måtar, enten som forholdstalsval eller som fleirtalsval. Dersom valet skal skje som forholdstalsval må lokale foreiningar eller andre som har rett til det, sende krav om det til valstyret. Krav om forholdstalsval må vere valstyret ihende seinast 11. januar 2023.
1. Fleirtalsval
Fleirtalsval inneber at du stemmer på føreslåtte enkeltkandidatar som er sette opp i alfabetisk rekkjefølgje.
2. Forholdstalsval
Forholdstalsval inneber at du stemmer på ei liste med kandidatar i staden for på enkeltkandidatar.
Det kan gjerast krav om forholdstalsval. Kravet må vere skriftleg og vere fremja av minst 1/5 av dei som har stemmerett, jf. valforskrifta. Lokale foreiningar kan òg krevje at valet skal skje som forholdstalsval. Krav om forholdstalsval må vere valstyret i hende seinast 11. januar 2023.
Valprosessen - viktige datoar
- Kunngjering om val innan 28.12.2022.
- Krav om forholdstalsval må fremjast innan 11.01.2023.
- Kunngjering om fleirtals- eller forholdstalsval innan 25.01.2023.
- Frist for å sende inn lister/kandidatar er innan 01.02.2023.
- Stemmesetlar/vallister og returkonvoluttar blir sende ut innan 15.02.2023.
- Valdagen er 22.02.2023.
- Kunngjering av valresultata vil skje så raskt som mogleg etter valet.
Kva avgjer om det blir val?
Dersom det blir fleirtalsval eller det kjem inn meir enn éi liste i samband med forholdstalsval, skal sjølve valet vere hemmeleg og skriftleg, og vil skje ved postsending. Valmateriell vil bli sendt til deg på den bustadadressa du er registrert med i lønnssystemet. Svarkonvolutten din må vere poststempla seinast valdagen, som er 22. februar 2023.
Dersom det berre kjem inn ei liste i samband med forholdstalsval, blir dei kandidatane som er føreslåtte på denne eine lista valde utan at det blir gjennomført val.
Kva type val som vil bli gjeldande i ditt helseføretak/Helse Vest IKT AS vil bli kunngjort seinast 24. januar 2022. Denne informasjonen, i tillegg til meir informasjon om sjølve prosessen og reglane, vil bli lagde ut på denne nettsida og føretaka sine intranett etter kvart.
Kven har stemmerett?
Alle som er tilsett i føretaket på valdagen har stemmerett
Kven kan føreslå kandidatar/fremje forslag til eiga liste?
Ved fleirtalsval kan alle med stemmerett foreslå kandidatar som dei ønskjer valde. Lokale foreiningar har også forslagsrett.
Ved forholdstalsval skal det fremjast forslag til lister. Forslag til lister må vere underteikna av minst seks personar med stemmerett. Ingen kan skrive under på meir enn eitt forslag. Lokale foreiningar (åleine eller saman med andre lokale foreiningar) kan fremje listeforslag ved forholdstalsval. Ei lokal foreining kan berre stå bak éi liste.
Kva skjer no?
Dette er ei kunngjering om valet.
Den neste informasjonen som vil komme er ei kunngjering som forklarer om det blir fleirtalsval eller forholdstalsval.
Valstyra og valforskrifter (Lovdata)
Det er etablert eit valstyre for Helse Vest RHF og eit valstyre for kvart av helseføretaka og Helse Vest IKT AS. Valet skal skje ifølgje gjeldande forskrifter, om dei tilsette sin rett til representasjon i dei regionale helseføretaka og helseføretaka/Helse Vest IKT AS sine styre.
Valforskrift Helse Vest RHF og helseføretaka
Valforskrift Helse Vest IKTValstyret i Helse Førde
Inger Johanne Sætenes
Mariann Hundsnes
Clarence Johnpillai
Valstyret i Helse Bergen
Heidi Susanne Sundal Sevel
Anne Ohnstad
Vigdis Fjeld
Valstyret i Helse Fonna
Finn Arve Åsbu
Linda Gjelsten
Velaug Kolbeinsen Frøyland
Valstyret i Helse Stavanger
Tone Wang-Nilsen
Gunn Hilde Naaden Hirsch
Anne Keth Nilsson
Valstyret i Sjukehusapoteka Vest
Linda Baug TjoreMarit Ceselie SvendsenBerit Berntsen
Valstyret i Helse Vest IKT AS
Ole Fredrik Gulbrandsen
Anna Kristine Fjeld
Rolf Ruland
Valstyret i Helse Vest RHF
Toril Østvold
Oddvin Næsse
Bjørn Ivar Bø
Hovudsida for Val 2023