Med retning mot 2035
Styret i Helse Vest RHF godkjente i sist veke ny regional utviklingsplan mot 2035. – Vi har teikna kartet over utfordringar og moglegheiter dei neste åra, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF. – For å nå måla er det viktig at alle er med. Då må pasientar, pårørande, medarbeidarar og leiarar engasjere seg i utforminga av tenesta framover.
– Utviklingsplanen skal bidra til å realisere vår felles helseteneste. Han skildrar korleis vi skal utvikle verksemda, møte framtidige behov og handtere dei store utfordringane me står overfor. Planen er grunnlaget, og så er det mange tiltak og endringar som skal til for å nå måla. Det er den store oppgåva no, seier Bryne.
Regional utviklingsplan 2023 - 2035
Dei viktigaste endringane
Helseføretaka er store og komplekse verksemder. Difor kan òg planane verke store og komplekse. Utgangspunktet er likevel lettfatteleg: Vi skal fremje helse, meistring og livskvalitet for pasientane og innbyggjarane på Vestlandet. Då må vi sjå utfordringane og løysingane gjennom auga til både medarbeidarar, leiarar og samarbeidspartnarar.
Utviklingsplanen legg særleg vekt på områda som er omfatta av dei viktigaste endringane framover. Planen tek derfor òg føre seg dei store og veksande utfordringane i økonomi, berekraft og tilgang på fagfolk, alt det som krev tøffe prioriteringar på både kort og lang sikt.
Fire hovudområde
Den regionale utviklingsplanen har fire overordna tema og 15 innsatsområde. Dei overordna temaa er:
God involvering
Den oppdaterte regionale utviklingsplanen har lagt til grunn tidlegare strategi (Helse 2035), nasjonale føringar i Nasjonal helse- og sjukehusplan, oppdragsdokument og føretaksprotokollar, innspela frå høyringsrunden og dei lokale utviklingsplanane som helseføretaka har vedtatt.
Inger Cathrine Bryne seier strategien vi har hatt dei siste åra, er minst like relevant no som då han blei vedtatt. – Den siste strategien og utviklingsplanen til Helse Vest ligg derfor til grunn for revideringa vi har gjort no. Ein del av innhaldet er altså til å kjenne att, på same tid som planen er vesentleg supplert og oppdatert. Vi har lagt mykje ny kunnskap og gode innspel til.
Det har vore brei involvering i planarbeidet så langt, både i helseføretaka, regionalt og nasjonalt. Brukerutvala har gitt nyttige innspel. I høyringa som er gjennomført kom 19 høyringssvar med til saman 150 innspel. Innspela seier at innhaldet og formatet i all hovudsak er godt mottatt. Vi har hatt alle høyringssvara og innspela som har kome i prosessen til vurdering, og oppdatert utviklingsplanen basert på desse.
Utviklingsplan i utvikling
Målet er ein levande plan, som vi ikkje reviderer kvart fjerde år, men som til ei kvar tid er oppdatert og som gjer at vi kan vurdere innspel som kjem løpande. Både data- og kunnskapsgrunnlaget vi har brukt for å lage utviklingsplanen vil endre og utvikle seg, både på kort og lang sikt. Planen fått ei digital form, som gjer det mogleg å bruke, justere og endre planen i takt med utviklinga, ikkje berre i faste intervall. Vi vil oppdatere både grunnlaget og sjølve utviklingsplanen, og på den måten halde planen relevant over tid.
– Det digitale formatet legg til rette for bruk av strukturerte data, seier Bryne. – Klarer vi å få dette på plass, sikrar vi både at vi snakkar det same språket og at Helse Vest enkelt kan samanlikne og stille saman planar og mål. Slik kan planar på ulike område henge saman og bli dei gode verktøya og den leiarstøtta dei kan vere.
Frå plan til tiltak
Kvart føretak og dei private som har langsiktige avtalar med Helse Vest har lagt fram sine utviklingsplanar, som heng saman med den regionale. I tillegg til å vere ein overordna plan for det enkelte regionale helseføretaket, vil denne planen inngå som grunnlag for og gi innspel til den kommande nasjonale helse- og samhandlingsplanen.
I tråd med utviklingsplanen, blir det no laga ein regional tiltaksplan. Arbeidet med tiltaksplanen er planlagt ferdig første halvår 2023.
Denne saka er oppdatert 07.02.23