Opna nytt forskningssenter i kampen mot antibiotikaresistens
I dag opna Helseminister Ingvild Kjerkol Vestnorsk forskingssenter for antimikrobiell resistens, CAMRIA (Combatting Anti-Microbial Resistance with Interdisciplinary Approach).
Med støtte frå Trond Mohn stiftelse går Universitetet i Bergen, Haukeland universitetssjukehus og Stavanger universitetssjukehus saman om forsking på korleis og kvifor resistens blir utvikla og blir spreidd, og korleis ein kan få helsepersonell, politikarar og befolkning til å redusere unødvendig bruk av antibiotika.
– Eg ønsker Camria lykke til med dette viktige tverrfaglege samarbeidet på antibiotikaresistens. Det blir spennande å følgja utviklinga og resultata når vi ser medisin kunnskap, samfunnsvitskapen, informatikk og matematikk samla, seier ho.
Kompletterer satsing på antibiotikaforskning
Tre prosjekt med ulik tilnærming til resistens-utfordringa, finansiert av Trond Mohn stiftelse, blir no sett i gang. Satsinga går fram til 2026, med i alt 25,7 millionar kroner, og vertsinstitusjonane med til saman like stor sum kroner.
– Å støtte forsking som kan bidra til å avgrense risikoen for resistens mot antibiotika er truleg det aller viktigaste vi gjer, seier dagleg leiar i Trond Mohn stiftelse, Sveinung Hole.
– Det nasjonale programmet mot antibiotikaresistens er den største satsinga vår nokon sinne. CAMRIA kompletterer denne satsinga, seier han.
Tre prosjekt med ulik tilnærming
Nina Langeland er leiar for Camria-senteret, professor i infeksjonsmedisin ved UiB og overlege ved medisinsk avdeling, Haukeland. Ho ser fram til å vise resultat frå forsking som blir gjort ved senteret.
– Antibiotikaresistens kan på sikt bli eit endå større helseproblem enn Covid-19, både globalt og i Noreg. Sjølv i Noreg aukar resistensproblema gradvis, medan nye antibiotika nesten ikkje blir utvikla. Vi må altså samtidig avgrense unødvendig antibiotikabruk, og reservere nye antibiotika til dei som verkeleg treng det. Vi må lære meir om korleis resistens mot eitt middel påverkar utvikling av resistens mot andre. Vi ser no fram til at forskinga vi gjer haustar resultat, seier Nina Langeland.
Prosjekt #1: Overvaking og sporing av resistensgener ved bruk av maskinlæring
I eit av prosjekta ønsker ein å undersøke førekomst av antibiotikaresistente gen, både kjente og nye, og å undersøke frå kva bakteriar desse gena har opphavet sitt. Ein vil leite etter antibiotikaresistente gen både i humane prøvar og prøvar frå miljøet.
Informasjonen kan brukast til å seie noko om korleis resistensgenene spreier seg i miljøet, og om det er medikamentsbruk eller andre årsaker som er opphav til auken vi har sett dei siste 10-åra.
Ein stor del av dei antibiotikaresistente gena som fins hos menneske har opphavet sitt i bakteriar i natur og miljø utanfor sjukehusa. Desse kjeldene er lite studerte, sjølv om vi veit at overføring av resistensgener frå miljøet er viktig for utvikling av multiresistente bakteriar.
– Vi har tilgang til unike prøvar som er tatt over tid frå generelle befolkningsstudiar, blant pasientar, og dessutan i miljøet. Dette gjer det mogleg å identifisera viktige ARG-reservoarer og kartlegge geografiske forskjellar og endringar i antimikrobiell resistens over tid i populasjonar og i miljøet omkring oss, seier leiar for prosjektet Randi Jacobsen Bertelsen.
Forutan forskarar frå dei medisinske og realfaglige miljøa på UiB og lungeavdelingen på Haukeland universitetssjukehus, vil òg spesialistar frå biologisk institutt ved Aarhus Universitet og Norsk institutt for vassforsking (NIVA) bli involvert i prosjektet.
Prosjekt #2: HyperEvol – å føreseia utvikling av antibiotikaresistens
I det andre prosjektet skal matematikarar ved UiB gå saman med medisinera i Bergen og Stavanger om å utvikle metodar for å føreseia spreiing av antibiotikaresistens. Her vil det òg delta forskarar frå Institutt for mikrobiologi og infeksjon ved universitetet i Birmingham.
– For å forstå faktorar som fører til utvikling og spreiing av antibiotikaresistens, treng vi sårt nye tilnærmingar som kan oppdage utviklingsprosessar i kroppen frå ekte datasett. På den måten kan vi bruke den store mengda framveksande kliniske data for å laga modellar som eignar seg til inngripen, seier prosjektleiar Iain Johnston som er professor ved Matematisk institutt ved UiB.
Prosjekt #3: Om korleis haldningar og åtferd kan endrast
I det tredje prosjektet er temaet i kva grad helsepersonell og folk flest forstår faren ved at verknaden av antibiotika for å kjempe ofte mot livsfarlege bakteriar, blir svekt eller blir heilt borte ved gjentatt eller overdriven bruk. Dette arbeidet skal danne grunnlag for betre og meir effektiv kommunikasjon om denne risikoen. Prosjektet vert leia av Ingrid Smith, som er overlege og spesialist i indremedisin og infeksjonssjukdommar ved Haukeland universitetssjukehus.
– Covid-19 pandemien blir òg omtalt som ein «infodemic», eller ein informasjonspandemi, som har bidratt til endring i folks åtferd. På kort tid har ein forstått nødvendigheten av smitteverntiltak som håndvask, fysisk avstand og bruk av munnbind. Antibiotikaresistens er òg ein pandemi, men har ikkje ført til tilsvarande åtferdsendringar i form av smittevern og riktigare bruk av antibiotika, seier ho.
– Vi treng derfor meir kunnskap om helsearbeidarar og befolkninga si forståing av risikoen, og korleis det kan påverke nødvendig endring i åtferda. Målet er å undersøke korleis antibiotikaresistens blir presentert i media, og korleis haldningar og handlingar i forhold til problemet blir forma. Når vi veit meir om dette blir det mogleg å utforme effektive strategiar og tiltak for å bremse utviklinga av antibiotikaresistens.
Prosjektet er lagt opp med intervju av helsearbeidarar og folk flest gjennom det norske borgarpanelet. Analysen av korleis antibiotikaresistens blir framstilt i media skal leiast av professor Jens E. Kjeldsen ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved UiB. I tillegg til forskarar frå Bergen vil òg spesialistar på infeksjonsmedisin ved Imperial College London bli involvert i prosjektet.
Viktig for spesialisthelsetenesta
Haukeland universitetssjukehus er sete for Nasjonal kompetanseteneste for antibiotikabruk i spesialisthelsetenesta (KAS).
– Kunnskapsoverføring for å avgrense bruk av antibiotika på sjukehus er ekstremt viktig for å kjempe mot resistens. Forskingsprosjekta til CAMRIA vil bidra til dette, seier administrerande direktør Eivind Hansen i Helse Bergen.
Saka er henta frå helse-bergen.no.