
Foto: Katrine Sunde, Helse Bergen.
Haukeland og Haraldsplass ligg geografisk nært – og har oppgåver som overlappar geografisk og fagleg. Helse Vest RHF starta i februar 2021 eit prosjekt for å greie ut oppgåve- og ansvarsdelinga mellom Helse Bergen (HBE) og Haraldsplass Diakonale Sykehus (HDS). No er prosjektrapporten behandla i sjukehusa og i styret i Helse Vest RHF.
– Det er eit godt samarbeid mellom sjukehusa i dag, og dermed eit bra grunnlag for å vidareutvikle gode samarbeidsløysingar. Utviklinga innanfor medisinen og det at sjukehusa er så tett integrerte, gjorde at vi ville sjå på om det er område som kan forbetrast. Prosjektet handla om å styrkje samarbeidet endå meir og finne dei beste løysingane for pasientane i Helse Bergens geografiske opptaksområde, seier Baard-Christian Schem, fagdirektør i Helse Vest.
Samarbeidar om oppfølginga framover
Utgangspunktet for arbeidet er at pasientane skal sikrast likeverdig behandling uavhengig av adresse, og at dei to sjukehusa samla skal tilby heilskaplege tenester til befolkninga.
Etter grundig arbeid i prosjektet, der begge sjukehusa er breitt representerte, vart rapporten behandla i styra ved Helse Bergen og Haraldsplass Diakonale Sjukehus i desember. Dei sendte høyringsinnspela sine til Helse Vest, som no har hatt rapporten og tilrådingane oppe i styremøtet 15. februar.
– Rapporten gir tilrådingar om nokre endringar no og vidare arbeid for å styrkje samarbeidet mellom sjukehusa. Det har vore viktig å involvere fagmiljøa på dei ulike områda i sjukehusa, og vi har lagt vekt på å byggje på dei faktuma vi har hatt og som har kome fram i prosjektet. Eg opplever at alle har lagt solid fagleg kunnskap, pasienten sitt beste og omsynet til medarbeidarane til grunn i arbeidet vi har gjort, held Schem fram.
Åtte ulike fagområde
Tilrådingane inneber behov for oppfølging på fleire områd, som det blir viktig at sjukehusa følgjer opp i fellesskap vidare. Prosjektet tilrår samarbeidsløysingar, oppgåvedeling og forbetringar for åtte ulike fagområde:
- palliativ medisin
- geriatri
- hjerneslag
- ortopedi
- gastrokirurgi, plastisk kirurgi og urologi
- indremedisin
- radiologi
- laboratoriemedisin