Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Samarbeid om blodberedskap på trappene

Eit viktig steg på vegen mot eit nordisk samarbeid om blodberedskap er teke. Nyleg møttest 105 personar frå dei nordiske landa i Bergen for å diskutere korleis vi kan forsyne kvarandre med blod ved krig og alvorlege hendingar.

Publisert 18.12.2024
Sist oppdatert 19.12.2024
Personer på konferanse

Foto: Max-Hendrik Wathne Gelink

Bilete frå konferansen.

Den sikkerheitspolitiske situasjonen i verda er uroleg. Krigen herjar like utfor dørene, og Noreg må mellom anna vere førebudd på å ta imot skadde pasientar som har kriga i utlandet.

Mann på kontor

Foto: Jorunn Busk

Thomas Dag Iversen.

Noregs blodbankar har nok blod til å forsyne eit sjukehus til den daglege bruken, men tømmast raskt dersom det kjem ein pasient med spesielle behov som eksempelvis krig kan føre med seg.

– Situasjonen er nokså lik i mange land, at dei har blod til det daglege, men ikkje så mykje meir. Ved krigssituasjonar eller større ulykker kan alle ha behov for støtte frå andre nordiske land, og dette ønskjer vi no å setje i system, seier beredskapsleiar Thomas Dag Iversen i Helse Vest RHF.

Brei einighet

Nyleg møttest 105 representantar frå nordiske land i Bergen for å informere kvarandre om korleis organisasjonane sine opererer, og korleis vegen kan gå vidare. Her var mellom anna styresmakter, militære og representantar frå dei ulike blodbankane.

– Det er brei einigheit om nødvendigheita av å styrkje det nordiske samarbeidet rundt blodforsyning. Ønsket er at vi skal komme der at vi har ein avtale og ein struktur på dette, seier Iversen.

Når ulykka er ute er det viktig å få gitt blod så tidleg som mogleg til dei som treng det.

– Vi må kunne flytte blod effektivt, samarbeide internt i landet, og mellom land og regionar. Finland og Sverige er NATO-medlemmer, og i ein konflikt er vi forplikta til å stille opp for kvarandre, seier Iversen.

Viktig prosess

At dette samarbeidet no blir diskutert, er som ein draum som går i oppfylling for overlege Torunn Oveland Apelseth, leiar for Norsk koordineringssenter for blodberedskap.

– Vi er midt i ein viktig prosess. Då AD-møtet den 14. februar 2022 vedtok at norsk koordineringssenter for blodberedskap skulle opprettast, var det starten på eit arbeid vi hadde sett behov for i fleire år, fortel ho.

Struktur, og eit system som gjer oss betre rusta både for kvardagskriser og alvorlege hendingar, har lenge vore eit ønske.

– Det gjer meg inderleg glad at vi har komme hit. Vi har eit godt system i dag, men vi treng å jobbe betre saman. Vi har mange blodbankar, med ressursar og kunnskap og kompetanse, men vi treng ein koordinerande struktur som gjer at vi kan gjere ein felles innsats for å hjelpe kvarandre.

Foredrag i Japan

Her i Noreg har vi i inntil nyare tid ikkje vore vande til å tenkje på kriser og krig.

– Men med krig i Ukraina og Midtausten har vi fått dette nært innpå oss. Alvoret har komme over oss på ein heilt ny måte. For min del forstår eg meir om sårbarheitene, og eg tenkjer at vi må ta tak no for å sikre at motstandskrafta er god nok, og at blodberedskapen er satt i system, seier Apelseth.

I nord er vi i Noreg i gang med såkalla vandrande blodbankar, som Apelseth fortel har vorte ein snakkis i det internasjonale blodbankmiljøet. Dette er frivillige nødblodgivarar ute i kommunane som blir kalla inn til tapping ved akutt behov for fullblod i samband med at pasientar treng akutt blodoverføring.

– Eg blir kontakta av personar i Europa, men også mellom anna Japan, der dei er veldig interesserte i å høyre om korleis vi får dette til. Så i mai neste år skal vi til Japan for å fortelje om korleis vi arbeider med vandrande blodbankar og struktur for blodberedskap i Norge.

Ho meiner blodberedskap er ei konkret sak som illustrerer mange av problemstillingane vi har i helseberedskap.

– Får vi til dette med blod, så får vi det også til med alt anna, seier ho.