To nye kontraktar for å ta ned ventetidene
Denne veka har Helse Vest signert to avtalar med leverandørar av helsetenester. Dette skal bidra til å ta ned ventetidene ytterlegare.
Helse Vest RHF har inngått to avtalar denne veka. Den eine avtalen er med Aleris Helse AS, avdeling Nesttun Bergen, om levering av septumplastikk, concaplastikk og concotomi. Formålet med avtalen er å få ned ventetidene i Helse Bergen HF. Varigheita til avtalen er frå 02.01.2025–30.06.2025. Helse Vest har høve til å forlengje avtalen med seks månader ved behov.
Den andre avtalen er også med Aleris Helse AS, om kjøp av førstekonsultasjon innan nevrologi. Tenesta skal utførast frå både avdelinga i Stavanger og i Bergen sentrum. Formålet med avtalen er å få ned ventetidene i Helse Fonna HF. Varigheita til avtalen er frå 02.01.2025–30.06.2025. Det er ikkje opsjon på forlenging.
Fleire avtalar er inngått
I samband med Ventetidsløfte har Helse Vest og føretaka identifisert område der det er aktuelt å supplere tilbodet i sjukehusa med kjøp hos private for å få ned ventetidene. Her er ei oversikt over avtalane Helse Vest har inngått:
- Aleris Helse, avdeling Nesttun Bergen om levering av tonsillektomier (mandeloperasjonar). Formålet med avtalen er å få ned ventetidene i Helse Bergen HF. Varigheita til avtalen er frå 01.10.2024–31.03.2025. Helse Vest har ein einsidig opsjon på forlenging av avtalen inntil 1+1 år ved behov.
- Volvat Medisinske Senter, avdeling Forus om levering av bukplastikk, brystreduksjon og varicer. Formålet med avtalen er å få ned ventetidene i Helse Stavanger HF. Varigheit 01.11.2024–30.04.2025. Ingen opsjon på forlenging.
- Aleris Helse AS, avdeling Nesttun Bergen for levering av koloskopi og gastroskopi. Formålet med avtalen er å få ned ventetidene i Helse Fonna og Helse Førde. Varigheit 01.12.2024–31.05.2025. Ingen opsjon på forlenging.