Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Brukarmedverknad

Brukarmedverknad er eit av dei beste midla for å sikre at stemmene til pasientar og pårørande blir høyrde. Derfor er det etablert brukarutval både på regionalt nivå og i alle helseføretaka i Helse Vest. Utvala er samansette av representantar frå brukar- og pasientorganisasjonar.

Kontakt RBU

Dersom du ønsker å kontakte det regionale brukarutvalet, kan du gjere det via eDialog eller e-post: post@helse-vest.no.

 

Helse Vest samarbeider med brukar- og pasientorganisasjonane gjennom det regionale brukarutvalet (RBU). Dette er eit rådgivande organ for Helse Vest og eit samarbeidsforum mellom Helse Vest og brukarorganisasjonane.

 

  1. gode og likeverdige helsetenester, ref. Lov om helseforetak m.m. (helseforetaksloven) og Lov om styrking av menneskerettighetenes stilling i norsk rett (menneskerettsloven) 
  2. god samhandling og heilhetlege pasientforløp
  3. god medverknad frå pasientar, pårørande og organisasjonane deira
  4. samarbeid mellom brukarutval

A.) vere eit rådgivande organ for styret og administrerande direktør i saker på systemnivå, som gjeld tilbodet til pasientar og pårørande i verksemds- og opptaksområde.

B.) følgje med på årshjulet til helseføretaket og bidra i mål- og strategiarbeid, hovudprosessar, forbetrings- og omstillingsprosessar og i prosjekt og dessutan medverke i råd og utval i saker som gjeld tenestetilbodet.

C.) framme saker som er viktige for brukarar, pasientar og pårørande.

D.) gi høyringsfråsegner til relevante planar og utgreiingar.

E.) møte på styremøta og styreseminara til helseføretaket i samsvar med punkt 1c.

F.) etter invitasjon, foreslå brukarrepresentantar frå brukarutval eller organisasjonar til plan- og prosjektarbeid, råd og utval.

G.) etter nærare behov og avtale, arrangere og/eller vere med på relevante konferansar og kurs.

H.) ved behov, samarbeide med andre brukarutval, og brukarorganisasjonar og brukarrepresentantar.

I.) ha kontakt med pasient- og brukaromboda.

J.) evaluere eiga verksemd minst ein gong i løpet av funksjonsperioden.

K.) gi innspel til den årlege meldinga til helseføretaket.

L.) lage årsrapport om eiga verksemd.

Det er utarbeidd eit nettkurs etter initiativ frå dei regionale helseføretaka i samabreid med Funksjonshemmedesfellesorganisasjon (FFO), Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) og Kreftforeningen.

Nettkurset er i samsvar med "Retningslinjer for brukermedvirkning på systemnivå i helseforetak", som blei vedtekne av alle dei fire regionale helseføretaka i 2017.

Ta kurset her

Det er laga eit e-læringskurs for brukarmedverknad i helseforsking. Kurset er retta både mot brukarar og forskarar. Kurset er eit samarbeid mellom Kompetansesenter for klinisk forskning, det regionale brukarutvalget i Helse Vest og Regionalt e-læringsteam.

Kurset gir ein innføring i kva brukarmedverknad i helseforskning er, i tillegg til at du får praktiske tips for å etablere eit godt og fruktbart samarbeid mellom brukar og forskar.

Ta kurset her

Brukarorganisasjonane driv eit viktig arbeid for medlemmene sine, og set i verk tiltak for medlemmene som kanskje elles ikkje ville bli utført. Dei driv òg eit viktig helseopplysingsarbeid for innbyggjarane. 

​Som ansvarleg instans for spesialisthelsetenesta i Helse Vest, gir Helse Vest kvart år økonomisk støtte til brukarorganisasjonar.

Det kan søkjast om tilskot i desember kvart år

Det er etablert brukarutval (BU) i alle helseføretaka i Helse Vest, unnteke for Helse Vest IKT og Helse Vest Innkjøp.​ 

​Helse Førde BU (i samarbeid med kommunane i Sogn og Fjordane)

Helse B​ergen BU

Helse Fonna BU

Helse Stavanger BU

Sjukehusapoteka Vest BU

 

Sist oppdatert 24.04.2025