Sykehusinnkjøp HF
Sykehusinnkjøp HF koordinerer felles innkjøpsavtalar for alle helseføretaka i Noreg for slik å gjere innkjøpa billigare for sjukehusa.
Sykehusinkjøp HFPasientreiser HF
Pasientreiser er reiser til og frå behandling som er godkjent av det offentlege. Selskapet er eigd av dei fire regionale helseføretaka og har saman med lokalt pasientreisekontor ansvaret for saksbehandling og refusjon av pasientreiser utan rekvisisjon.
Pasientreiser HFLuftambulansetjenesten HF
Helseforetakenes nasjonale luftambulansetjeneste HF - forkorta til Luftambulansetjenesten HF. Selskapet har det operative ansvaret nasjonalt for luftambulansetenesta. Sjukehusa har det medisinske ansvaret og stiller med legar og sjukepleiarar.
Luftambulansetjenesten HFHelsetjenestens driftsorganisasjon HF
Helsetjenestens driftsorganisasjon for nødnett HF (HDO HF) er eit driftssenter for helsetenesta si bruk av løysingar for nødmeldetenester. Brukarane av tenestene i HDO er helsepersonell i regionale helseføretak, helseføretak og alle kommunane i landet. Det er open drift- og brukarstøtte for selskapets brukarar heile døgnet.
HDO HFSykehusbygg HF
Sykehusbygg HF er ein internleverandør for dei regionale helseføretaka og helseføretaka i Noreg, og skal leggje til rette for og bidra til standardisering, erfaringsoverføring, god utnytting av ressursane og ressurstilgang innanfor prosjektering og bygging av sjukehus.
Sykehusbygg HF