Miljø - og samfunnsansvar

Me skal gjera vårt for å redusera utslepp frå eiga drift. Hovudmålet vårt er å redusera CO2-utsleppet med 40 prosent innan 2030. 

Om miljøarbeidet i Helse Vest

FN har slått fast at klimaendringane er ein trussel for menneskeheita, men endringane er også, ifølge Verdens Helseorganisasjon, den største helsetrusselen me står framfor. 

Spesialisthelsetenesta er ein stor samfunnsaktør med eit stort samfunnsansvar. 

Med 150 000 tilsette frå Hammerfest til Kristiansand og omlag 2,2 millionar pasientar innom årleg, set norske sjukehus eit solid avtrykk. Potensialet for å kutte utslepp er stort. Men for å utnytte det potensialet er omstilling naudsynt. 

Difor har ei samla spesialisthelseteneste i Noreg vedteke eit felles rammeverk og mål for å redusera CO2-utsleppet vårt​. Hovudmålet vårt er å redusera CO2-utsleppet med 40 prosent innan 2030. Det langsiktige målet er å ha ei klimanøytral verksemd innan 2045.​​

Sjå kommunikasjonsplanen for dei felles miljømåla her​. 

Me får også nasjonale føringar og oppdrag: 

Miljøpolitikk for Helse Vest RHF

Helse Vest RHF skal vere miljøleiande i rolla som eigar av helseføretak.

Ved å ha miljøbevisste medarbeidarar skal Helse Vest RHF gå føre som eit godt døme for å redusere negativ miljøpåverknad frå oppgåvene me gjer. 

Det skal vere merksemd i heile organisasjonen på kontinuerlig forbetring i miljøarbeid innanfor alle aktivitetar som Helse Vest utfører og initierer som eigar av helseføretak.

Helse Vest RHF skal gjennom si rolle ha stort fokus på at miljøomsyn blir ivareteke i alle prosjekt som blir utvikla og sett i gang i helseregionen.

Regional miljøfaggruppe i Helse Vest

Den regionale miljøfaggruppa har som formål å bidra til effektivt arbeid gjennom erfaringsutveksling og deling av prosedyrar og dokumentasjon knytt til miljøsertifisering og andre aktivitetar.

Kurs og seminar

Vert publisert på vår felles interregionale nettside Grønt Sykehus.​

Miljøprisen

Kjenner du nokon som har stimulert til nytenking og innsats i miljøarbeidet ved ditt helseføretak, eller som med sin miljøinnsats framstår som eit godt eksempel for andre? Formålet med prisen er å stimulere til godt miljøarbeid i spesialisthelsetenesta. Miljøprisen er ein heiderspris og ei påskjøning for ekstraordinær innsats utover det som er vanleg i jobbsamanhang.

Alle medarbeidarar i helseføretaka kan nominere kandidatar.

Nasjonalt samarbeidsutval

Samarbeidsutvalet skal sikre eit samordna og heilskapeleg samarbeid mellom helseregionane innføre klima og miljø i spesialisthelsetenesta.

Samarbeidsutvalet skal vere ein arena for samarbeid og utveksling av erfaringer i miljø- og klimaarbeidet som kan ha betydning ut over den enkelte region.

Samarbeidsutvalet skal sikre at arbeidet i regionene samsvarer med krav frå HOD og bidreg til å nå dei nasjonale miljø- og klimamåla.​

Spesialisthelsetenesta sin rapport for samfunnsansvar



Fann du det du leitte etter?