Revisjonsutvalet

Revisjonsutvalet er eit underutval av styret i Helse Vest RHF og har eit særleg ansvar for å støtte styret til å utøve god verksemdstyring gjennom tilsyn med risikostyring og internkontroll i føretaksgruppa.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Revisjonsutvalet består av tre medlemmar valde av og blant styret sine medlemmer. Utvalet blei første gong oppretta i 2005 og får sin instruks frå styret​.

Instruks for revisjonsutvalet

Instruks for internrevisjonen

Dei viktigaste oppgåvene til Revisjonsutvalet er å:​

  • Føre tilsyn med at det er etablert risikostyring og internkontroll som kan bidra til å sikre
    • målretta og kos​​tnadseffektiv bruk av ressursar
    • påliteleg styringsinformasjon
    • etterleving av regelverk, eigarkrav og eigne vedtekne krav (mellom anna etikk)
    • oppfølging og læring av feil og avvik rapportert frå interne og eksterne tilsyns- og kontrollinstansar.
  • Sjå etter at Helse Vest har ein uavhengig og effektiv intern revisjon

Du vil finne møteprotokollar og andre saker frå utvalet som del av dei ordinære styrepapira i Helse Vest RHF.

Internrevisjonen i Helse Vest RHF er sekretær for revisjonsutvalet.

Medlemmar i revisjonsutvalet

Olin Johanne Henden​​
Utvalsleiar i revisjonsutvalet. Nestleiar i Helse Vest RHF sitt styre.

​Oddvar Kaarbøe​
Medlem i revisjonsutvalet. Styremedlem i Helse Vest RHF sitt styre.

Wenche Røkenes
Medlem i revisjonsutvalet. Styremedlem i Helse Vest RHF sitt styre.

 
 

Internrevisjonen og internrevisjonsrap​portar​

Fann du det du leitte etter?