Rettar ved fristbrot

Når du har fått ein frist for helsehjelp og ikkje mottatt helsehjelpa innan denne fristen, har du rett til å få eit anna behandlingstilbod.

​Du blir kontakta av HELFO pasientformidling og spurt om du ønskjer ein annan behandlingsstad. Dersom du ikkje ønskjer ein annan behandlingsstad, blir du ståande på venteliste hos oss.

Fristen du har fått seier noko om kor lenge det er medisinsk forsvarleg for deg å vente på helsehjelp. At HELFO kan finne helsehjelp til deg ein annan stad ved fristbrot, gjer at ventetida blir kortare og at dine rettar som pasient blir styrkt.

Meir om dine rettar ved fristbrot på helsenorge.no

Fann du det du leitte etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.