Tid og stad
Når
- 28. skáb 2024, 15:00 - 21:00
- 29. skáb 2024, 08:30 - 13:00
Kvar
Påmelding
Program dag 1
Møteleiar: Rebekka Ljosland, Strategi- og samhandlingsdirektør, Haraldsplass diakonale sykehus
15.00-15.30: Registrereing og lett servering
15.30-15.40: Opning av konferansen
v/Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF
15.40-15.55: Kunstnerisk innslag
15.55-16.00: Tema 1: Treng vi fleire generalistar om vi skal løyse framtidas helseutfordringar på ei berekraftig måte?
Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024–2027 og Helsepersonellkommisjonen tilrår å styrke generalistkompetanse både i kommunane og i helseføretaka. Mangel på helsepersonell, og den demografiske utviklinga med stadig fleire eldre og pasientar med samansette behov, bidreg til en utvikling med auka behov for personell med generalistkompetanse.
Samtidig fører utviklinga i mellom anna behandlingsformer til at grada og omfanget av spesialisering av personell aukar.
- Både generalist- og spesialistkompetanse er viktig for spesialisthelsetenesta. Er dagens organisering berekraftig, eller står vi føre viktige vegval for tydelegare satsing på generalistkompetanse?
- Korleis vil dette påverke sjukehusstruktur, organisering i sjukehus, disponering av personell, kompetanse mm. Er dette ei endring det er behov for? Er det andre måtar å løyse utfordringane på?
- Korleis bør vi jobbe med det og kva bør vi være oppmerksame på for å sikre kvalitet og pasienttryggleik?
- Korleis vil det påverke utdanningsinstitusjonane, kva endringar må til?
16.00-16.50: Hovudinnlegg
v/Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest og Sjur Lehmann, direktør for Statens helsetilsyn
16.50-17.00: Spørsmål og diskusjon
17.00-17.10: Pause
17.10-17.50: Panelsamtale
Panelsamtalen leiast av Rebekka Ljosland, Strategi- og samhandlingsdirektør, Haraldsplass diakonale sykehus.
I panelet:
Sjur Lehmann, direktør for Statens helsetilsyn
Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF
Eldar Søreide, dekan ved Universitetet i Stavanger
Elisabeth Jeppesen, dekan ved VID vitenskapelige høgskole
Randi Skår, dekan ved Høgskulen på Vestlandet
Marta Ebbing, fagdirektør ved Helse Bergen
Anne Kristin Kleiven, utviklingsdirektør ved Helse Førde
17.50-18.00: Oppsummering av dag 1
v/Hilde Brit Christiansen, direktør for medarbeider, organisasjon og teknologi i Helse Vest RHF.
19.00: Middag med utdeling av Helse Vest sin utdanningspris
Program dag 2
Møteleiar: Eldar Søreide, dekan, Universitetet i Stavanger
08.30-09.05: Presentasjon av vinnaren av Helse Vest sin utdanningspris
09.05-09.10: Tema 2: Tverrfaglege samarbeid for framtida
Det peikast på at tverrfagleg samarbeid er viktig i helsesektoren. Forsking viser at tverrfaglege team kan bidra til betre koordinering og integrering av helsetenester, auka effektivitet og kvalitet, meir brukarmedverknad og kompetanse- og tenesteutvikling. Det kan også bidra til å løyse bemanningsbehov.
- Kva viser forskinga på tverrfaglege team?
- Kva er tverrfaglege team og kva er utfordringar med tverrfagleg samarbeid
- Korleis kan samarbeid lærast?
- Forskingsbaserte verktøy for å lykkast med å samarbeide på tvers
09.10-10.00: Å knekke den tverrfaglege samarbeidskoden
v/Elisabeth Andvik, førsteamanuensis ved Handelshøyskolen BI
10.00-10.20: Pause og utsjekk
10.20-11.50: Gode eksempel på tverrfagleg samarbeid:
- «Tjenester på Tvers» - En modell for samhandling mellom psykisk helsevern barn-unge og somatikken, Irene Birkow Elgen, overlege ved Helse Bergen
- «Team på Tvers» - En modell for samhandling mellom kommune- og spesialisthelsetjeneste i komplekse saker. v/Hanne Marit Bjørgaas, overlege ved Helse Stavanger og Anette Våga Ball, rådgiver i Stavanger kommune
- Mikroteam og tverrfaglig samarbeid, Thomas Berge, seksjonsleder ved Helse Bergen
- «Tverrfaglig eller tverr og faglig» - Forbedring satt i system i psykiatrisk klinikk, Karl-Erik Fiskå, helsefagarbeider ved Helse Bergen
- TVEPS - tverrprofesjonelt samarbeid bidrar til bærekraftig helsetjeneste. v/Merethe Hustoft, førsteamanuensis/nestleder i TVEPS (Senter for tverrprofesjonell samarbeidslæring)
11.50-12.00: Pause
12.00-12.45: Framtidas helsepersonell – kven er dei, og kva behov har dei?
v/Ingrid Gilje Heiberg, førstelektor ved Høgskulen på Vestlandet
12.45-13.00: Avslutning
v/Hilde Brit Christiansen, direktør medarbeider, organisasjon og teknologi i Helse Vest RHF
13.00: Lunsj
Målgruppe: Leiarar og medarbeidarar i føretaka (Stavanger, Fonna, Bergen, Førde og HDS) og utdanningsinstitusjonane (UiS, UiB, HVL og VID) som har ansvar for utdanning, klinisk undervisning og praksis for studentar.
Målsetjing er at konferansen skal bidra med fagleg påfyll samt byggje nettverk på tvers av profesjon, fag og organisasjon.
Utdanningspris
Helse Vest sin utdanningspris blir delt ut under konferansen. Fristen for å sende inn forslag til nominerte kandidatar er fredag 18. oktober.
Sjå statuttar for meir informasjon.
Les meir om prisen her.
Det er sett eit tak på 100 deltakarar.