Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Helse Vest
Måleur. Foto.

Avtalar med private

Helse Vest har avtalar med fleire private aktørar innanfor ulike område. For å kome i kontakt med dei, må pasienten ha tilvising.

Fakta om dei private avtalane i H​​​​else Vest​​

Helse Vest RHF hadde per desember 2023 driftsavtalar med 240 privatpraktiserande spesialistar, 119 innanfor somatikk og 121 innanfor psykisk helsevern. Dei fekk driftstilskot frå Helse Vest RHF.

I tillegg hadde det regionale helseføretaket driftsavtale med sju private ideelle sjukehus og institusjonar innanfor somatikk og psykiatri, fem private rusinstitusjonar og åtte private rehabiliteringsinstitusjonar i vår region.

Helse Vest har også åtte tilleggsavtalar knytt til Helse Sør-Øst sine avtaler med private rehabiliteringsinstitusjonar, fordi desse institusjonane blir nytta av pasientar frå Helse Vest.

Vi har også avtalar med to private leverandørar om poliklinisk arbeidsretta behandling for personar med angst og depresjon.

For å auke kapasiteten på område der det er lang ventetid, er det inngått avtaler med private tilbydarar. Helse Vest har ein avtale med privat leverandør på laboratorietenester og to avtala​r om radiologitenester.​

Kven har vi avtalar ​med?

​​Avtalespesialistar​

Private, ideelle institusjonar​​

Rehabilitering – private avtalar

Rusbehandling – private avtalar

Røntgen og laboratorium – private avtalar

 

Helse og arbeid

Rehabilitering og psykisk helse

Private behandlingsstader med avtale, landsoversikt på Helsenorge

Maŋemus ođastuvvon 2024-07-12