Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Helse Vest
Klokke i gang. Foto.

Avtalespesialistar

Vi har i underkant av 260 avtalespesialistar i regionen. Desse er fordelt mellom spesialistar innanfor somatikk og psykisk helsevern.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Pasienten betaler eigendel for konsultasjon hos ein privatpraktiserande spesialist som har driftsavtale med Helse Vest.​

Eigendelen er fastsett av sentrale myndigheiter. Det er fastlegen som må vise pasienten til ein avtalespesialist.

​​​Oversikta over dei avtalespesialistane som har driftsavtale med Helse Vest er delt inn etter fylke og spesialitet.​​


Meir informasjon på Helsenorge​

Avtalespesialistordninga er regulert gjennom Statsavtalen, Rammeavtalen inngått mellom dei fire regionale helseføretaka og Den norske legeforening/Norsk Psykologforening, individuell avtale og samarbeidsavtale mellom avtalespesialisten og det aktuelle helseføretaket.

Avtalespesialisten skal bidra til å oppfylle sørgje-for-ansvaret til Helse Vest RHF. Det inneber mellom anna at avtalespesialisten skal gjennomføre undersøkingar, diagnostikk og behandling i samsvar med regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovverk, jf. punktet til rammeavtalen 4.1.

I sørgje-for-ansvaret er det ei forventning om at avtalespesialistane skal bidra til å redusere ventelistene ved aktuelt helseføretak.​​​​

Dei regionale helseføretaka, Legeforeininga og Psykologiforeningen har i nasjonale rammeavtalar avtalt at alle tilvisingar innan psykisk helsevern skal sendast til sjukehus. Denne ordninga blir kalla «Tilvising til psykisk helsevern – éin veg inn».

«Tilvising til psykisk helsevern – éin veg inn» er no etablert i alle sjukehus i helseregion Vest. Ordning skal sikre at alle pasientar får like rettar. Alle tilvisingar til psykisk helsevern blir no sendt til lokalt DPS, også tilvisingane som tidlegare blei sende direkte til avtalespesialist.

Pasientar som har ønske om spesifikk behandlingsstad, kan framleis be om dette.



Maŋemus ođastuvvon 2024-09-18