Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Helse Vest

Etiske retningslinjer

Helse Vest er avhengig av tillit og eit positivt omdømme for å kunne yte den gode helsetenesta vi ønskjer å tilby. Etisk kvalitet på tenesteyting og forvalting er ein føresetnad for denne tilliten.

Last ​ned PDF av versjonen frå oktober 2018

​​​​​​​​​​​​​​​Derfor er det nedfelt generelle retningslinjer innanfor dei ulike fagområda for at alle medarbeidarar skal vere medvitne dette. Retningslinjene er i hovudsak generelle, ikkje detaljerte reglar, noko som utfordrar kvar medarbeidar til sjølv å reflektere over etiske spørsmål.​​​

Retningslinjer, regelverk og samarbeidsavtalar har sitt utspring i allmenne etiske verdiar og normer som for eksempel rettferd, lojalitet, ærlegdom og at ein alltid skal behandle andre slik ein ønskjer å bli behandla sjølv.

Helsetenesta har ansvar for å vareta grunnleggjande etikk og moral i velferdsstaten, i tillegg til å forvalte fellesskapets ressursar.

Alle medarbeidarar skal følgje gjeldande lovar, reglar og retningslinjer. Alle har plikt til å gjere seg kjende med og å følgje lovar, reglar og retningslinjer som regulerer arbeidskvardagen.​

Lovar, instruksar og reglar kan ikkje åleine sikre høg etisk standard. Medarbeidarane må sjølve setje standarden ved å reflektere over eigne val og handlingar. Dette betyr at kvar enkelt medarbeidar kritisk må vurdere eigne interesser i møte med etiske konfliktsituasjonar.

Samarbeidsavtalar

Samarbeidsavtale om rammer for helseforetakene i Helse Vest og medlemmene av Legemiddelindustrien (LMI) 

Samarbeidsavtale om rammen for helseforetakene i Helse Vest og medlemmene av Melanor - bransjeorganisasjonen for medtek og lab (Melanor)

Maŋemus ođastuvvon 2021-01-21