Her finn du ledige stillingar
Dette er Helse Vest RHF, sjukehusa, SAV og Helse Vest IKT
- Helse Vest regionale helseføretak (Helse Vest RHF) eig fem helseføretak; Helse Bergen, Helse Stavanger, Helse Fonna, Helse Førde og Sjukehusapoteka Vest, og eitt aksjeselskap - Helse Vest IKT - i Rogaland og Vestland.
- I Helse Vest RHF jobbar det om lag 70 til 80 medarbeidarar. Vi held til i Stavanger sentrum. Her finn du blant anna rådgivarar med medisinskfagleg bakgrunn, juristar, økonomar, samfunnsvitarar, personalrådgivarar, kommunikasjonsrådgivarar, lønn- og rekneskapspersonell, sekretærar og leiinga.
- Dei største sjukehusa på Vestlandet er Førde sentralsjukehus, Haukeland universitetssjukehus, Haugesund sjukehus og Stavanger universitetssjukehus. Føretaka våre har mange spennande, ledige stillingar.
- I sjukehusa på Vestlandet er det eit mangfald av jobbar, blant anna innanfor helsefag, IKT, kokkefag, leiing og ingeniørfag. Det finst om lag 130 ulike yrkesgruppar på sjukehusa.
- Det er mye utdanning du kan ta i samanheng med jobben. Det er både utdanning på vidaregåande nivå - som lærlingar, og utdanning på høgskule- og universitetsnivå, slik som bachelor- og mastergrad, profesjonsutdanningar og spesialiseringar i sjukehusa.
Sjå kva nokon av våre medarbeidarar jobbar med
-
Beredskapsteamet
😎 Dette er beredskapsteamet vårt!
💪 Ved både store og små hendingar er det svært viktig at både sjukehusa våre, Helse Vest IKT og Sjukehusapoteka Vest HF er godt førebudde.
🌪 Thomas Iversen, Maren Helen Moi-Vist, Ingeborg Aas Ersdal og Kristin Grødem arbeider med beredskapsoppdrag frå nasjonale styresmakter gjennom heile året. Dei sørgjer for å utarbeide og halde ved like regionalt og internt beredskapsplanverk, i tillegg til sikkerheitsorganisering. Dei bidreg rett og slett til å gjere spesialisthelsetenesta på Vestlandet i stand til å handtere alt frå IKT-angrep, til ekstremvêr, ulykker, kriser og krig.
🙂 Behovet for koordinering av beredskapsarbeid både internt, regionalt, interregionalt og nasjonalt aukar. Det gjer også omfanget av både oppgåver og forventningar til beredskaps- og sikkerheitsarbeid.
👍 Teamet fungerer som støtte for beredskapsleiinga under hendingar, og samarbeider tett med beredskapskontaktane i sjukehusa, Helse Vest IKT og Sjukehusapoteka Vest.
🙌 Andre dei samarbeider med er Forsvaret, statsforvaltarar og nasjonale styresmakter, om ulike former for beredskaps- og sikkerheitsarbeid.
Øvinga Nordic Response er døme på dette, der Helse Vest sende eit kirurgisk team til Alta for å øve på å hjelpe kvarandre på tvers av helseregionar ved store ulykker. -
Kristian Frafjord
Leiar Lønns- og rekneskapssenteret
🙋♂️ Han er leiar for lønn og rekneskap, med rapportering, årsoppgjer og tal.
Han er ein magikar i Excel, berre spør han om alt går i bal!
🍲 Men ikkje la deg lure av rekneskapsdrakta, Kristian Frafjord er ein mann med mange lag.
Som lauken kan han skrellast, og du vil finne at han også på kjøkenet kan sitt fag.
🖥 Han har vore fleire rundar i RHF-et, nå sist sidan 2021.
Ønsket var å vere del av eit større fagmiljø, og Kristian kjente at her kom han heim.
💼 Frå revisorkvardag i petroleum og byrå, er han nå problemløysar og nettverksmann i RHF.
Sjølv om han ikkje visste heilt kva det regionale helseføretaket gjorde før han starta, hoppa han i det – seff!
🎈 Når nokon i teamet har bursdag, brukar Kristian sende ut helsing på rim.
Difor er denne teksten det også, fordi vi synast Kristian er så fin.
❤️ Kjekt å ha deg på laget, du er ein beriking sosialt og i fag.
Alle her på huset er glad for at vi jobbar i lag.
vierRHF -
Lars Øhlckers
Rådgivar
– Psykisk helse- og rusfeltet er eit fantastisk fagfelt, seier Lars Øhlckers.
👍 Han er for tida i eit engasjement i fagavdelinga her i Helse Vest. Der arbeider han med eit av satsingsområda våre, som er psykisk helsevern og tverrfagleg spesialistert rusbehandling (TSB).
💬 – Psykisk helsevern og TSB er område politikarane er opptekne av, og Helse Vest har fått fleire oppdrag som handlar om å vidareutvikle likeverdige helsetenester for spesielt sårbare grupper. Til dømes barn og ungdom i barnevernsinstitusjonar, og ungdom som strevar med rus, seier han.
🏥 Til dagleg arbeider han som psykologfagleg rådgivar i Klinikk for barn, unge og rusavhengige i Stavanger universitetssjukehus og er spesialist i barne- og ungdomspsykologi.
💡 – Psykisk helse- og rusfeltet er eit fantastisk fagfelt. Det spenner frå det det aller mest private i kvar enkelt av oss, til dei store utviklingstrekka i samfunnet. Det er eit fagfelt som påskjønner nysgjerrigheit, og det liker eg veldig godt. I tillegg er det enormt komplekst, så ein blir aldri utlærd - og ein skjønner noko nytt stort sett kvar einaste dag.
🙌 Kjekt at du ville komme til Helse Vest RHF med kompetansen din, Lars Øhlckers! -
Brita Mauritzen Næss
Seniorrådgivar
🌱 Dette er Brita Mauritzen Næss! Ho koordinerer Helse Vest sine aktivitetar på området som heiter samfunnsansvar. Dette inneber mellom anna overordna mål for å redusere CO2-utslepp, å førebygge korrupsjon og å ta vare på menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i leverandørkjeda.
– Leiinga vår er gode på å løfte fram desse områda, blant anna ved at dei har satt felles overordna klima- og miljømål. Det gjer dette arbeidet givande og konstruktivt, seier ho.
Det er særleg tre store saker som fyllar Britas dagar no:
🌍 Integrere rapporten frå naturrisikoutvalet «I samspel med naturen» i arbeidet vårt, med mål om å betre ta vare på naturen rundt oss
🌎 Ferdigstille årets utgreiing for korleis vi tek vare på menneskerettar og anstendige arbeidsforhold
🌏 Lage klar rapporten som presenterer klimarekneskapen for 2023. Nytt i år er at vi presenterer rekneskap for heile vår verksemd, både eigne utslepp og utsleppa knytt til forbruk av alle varer og tenester
🌻 Spesialisthelsetenesta forvaltar store ressursar på vegner av fellesskapet, og vi har ei plikt overfor samfunnet i stort å forvalte desse ressursane på ein berekraftig måte.
🌼 Da er det viktig å ha engasjerte folk som Brita med på laget! -
Knut Harboe
Klinisk IKT-leiar
😎 «I'm a nerd and proud of it», seier Knut Harboe. Kvar måndag er han ortoped med poliklinikk og operasjonar. Resten av tida er han Helse Vest RHF sin nye kliniske IKT-leiar i området som heiter pasientbehandling.
🤔 Men kva er det, då? Kort fortalt er Harboes rolle å finne ut kva legar og sjukepleiarar treng at IKT-verktøya inneheld for at dei skal gjere ein god jobb, og omsetje dette til ingeniørspråk. Når verktøya er utarbeidde, skal Harboe prøve å formidle tilbake frå ingeniørane kva som fungerte og ikkje, til klinikarspråk.
✔ – Eg ville ikkje sitje som ein papirpamp og meine noko om dette, så derfor har eg den eine dagen i veka i klinikk der eg sjølv bruker IKT-verktøya i praktisk arbeid, forklarer han.
👨⚕️ Mange kjenner kanskje Harboe frå Stavanger universitetssjukehus, der han har vore sjef både på ortopedisk- og anestesiavdelinga. Han er utdanna dataingeniør og ortoped, og medan han arbeida med å bli ortoped og ta doktorgrad utvikla han operasjonsplanleggingssystemet Helse Stavanger brukte i mange år.
❣ – Eg er glad i det tekniske, og er stolt av å vere nerd. Denne stillinga klødde nerdegenet mitt ganske kraftig, for det opnar for moglegheit til å gjere det eg synest er kjekkast som leiar: Å gjere arbeidskvardagen til folk betre.
🖥 Målet hans er at helsepersonell skal sleppe irriterande dobbeltarbeid, få ein arbeidskvardag utan digitale fartshumpar – og meir tid til pasientane. Vi gler oss til å følgje dette vidare! -
Maren Aasland
Regional logistikkansvarleg
⁉ Visste du at vi sender varer direkte frå Helse Vest sine lager og ut til sjukehusa – fleire gonger i veka?
🙋♀️ Maren Aasland er éin av dei som sørgjer for at dette skjer. Ho hadde hatt jobb som revisor i to år då ho kom til økonomi- og finansavdelinga til Helse Vest i 2018, og rakk nesten å bli tørr bak øyra i den nye rolla si, før pandemien slengde henne rett ut i nye oppgåver.
🏃♀️ Nærast over natta fekk Maren ansvar for å få på plass eit regionalt lager for smittevernutstyr, og tittelen regional logistikkansvarleg.
– Ting hasta, og vi måtte få på plass prosessar for å handtere utleveringar av smittevernutstyr til både sjukehusa i vest og alle kommunar i Vestland og Rogaland, seier ho.
💃 Det var utfordrande dagar og bratt læringskurve, og over dei hang den konstante uroa for at dei ikkje skulle få tak i nok utstyr.
– Saman fekk vi det til, seier Maren 😊
👏 Maren er utdanna siviløkonom med fordjuping i logistikk.
– Eg jobbar i ei veldig kjekk avdeling med utruleg mange dyktige kollegaer. Vi samarbeider mykje internt i teamet, og det er i tillegg ein del møteverksemd ut mot føretaka. Eg synest det er utruleg givande å samarbeide på tvers av føretaka for å gi sluttbrukarane effektive arbeidsprosessar, slik at dei kan konsentrere seg om pasientane.
#vierRHF -
Signe Gevik
Leiar analyseteam
🙋♀️ Møt Signe Gevik!
🎉 Ho er leiar for dei flinke folka i analyseteamet i Helse Vest RHF. Analyseteamet lagar analysar og kunnskapsgrunnlag til alle som jobbar i Helse Vest, slik at dei får god innsikt i faktagrunnlag når dei skal ta avgjerder som påverkar helsetenestene våre.
– Vi samarbeider tett med analytikarar i helseføretaka og utviklarar i Helse Vest IKT – vi har erfart at når vi jobbar saman så får vi utretta så mykje meir, seier Signe.
🌟 Signe har master i fysikk frå Universitetet i København, og det var ikkje gitt at ho skulle jobbe innan helse.
– No har eg vore i Helse Vest i fire år, og jo meir eg lærer om helsevesenet, jo meir interessant blir det.
💡 Nyleg deltok 31-åringen på regionalt toppleiarprogram, eit utviklingsprogram for leiarar i heile Helse Vest.
– Som relativt ny i leiarrolla har det vore kjempenyttig å få eit betre grunnlag, og verktøy til å handtere rolla betre. Ikkje minst har eg lært masse om kvardagen i sjukehusa frå dei andre deltakarane, noko som er kjempeviktig for oss som jobbar i RHF-et.
🎺 Den mangfaldige leiaren ligg heller ikkje på latsida på heimebane, her er ettermiddagane fulle av korpsstyremøte og teater. Dei som er riktig heldige får snart sjå henne stå på scena med Randaberg bygdarevy!
#vierRHF -
Fredrik Gustav Lorentzen og Elisabeth Stakkeland
🙋♂️🙋♀️ Møt Fredrik Gustav Lorentzen og Elisabeth Stakkeland!
🔑 Dei har som mål at pasientane både får, finn, og forstår informasjonen vi får frå sjukehusa. Saman forvaltar og utviklar dei over 50 nettstader for spesialisthelsetenesta.
✨ Sjukehusa landet over har ei felles plattform for nettsidene sine. Her byggjer vi og ein base med felles nasjonal pasientinformasjon saman.
🏥 Kvart sjukehus driv sine nettsider. Fredrik og Elisabeth leier arbeidet nasjonalt frå Helse Vest RHF - han med ansvar for produkt- og teknologiutvikling, ho som redaktør og leiar av arbeidet med felles informasjon.
– Vi trur at ved å forbetre språket i pasientinformasjonen, og gjere informasjonen frå sjukehusa lik og lett tilgjengeleg i fleire kanalar, vil vi få ei betre helseteneste, både for pasienten og helsepersonell, seier Elisabeth og Fredrik.
🖥 Elisabeth er medisinsk og helsefagleg redaktør, og leiar av den medisinsk og helsefaglege redaksjonen for nettsidene. Her blir innhald frå den felles basen oppdatert, for bruk av alle sjukehusa.
🎈 På denne måten får alle pasientar god og kvalitetssikra informasjon, uavhengig av kvar i landet dei bur. Informasjonen blir brukt på nettsider og i innkallingsbrev - planen er at han også blir brukt i fleire av dei digitale tenestene til sjukehusa.
👍 Fredrik er leiar for produkt- og teknologiutvikling, og det tyder at han også er prosjekteigar for arbeidet med å flytte alle nettstadene over til ny teknisk plattform 2023, i tett samarbeid med, mellom anna, Norsk helsenett SF.
🥳 Vi ønskjer teamet velkommen til oss i Helse Vest RHF! 🎉
vierRHF