Vi vil oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetning, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn. Føretaksgruppa i Helse Vest arbeider aktivt for å sikre likebehandling, mellom anna når det gjeld rekruttering, forfremjing, utviklingsmoglegheiter og arbeidsoppgåver.
Helse Vest legg vekt på vere ein attraktiv arbeidsgivar, uavhengig av bakgrunn og kjønn til våre medarbeidarar. For oss betyr likestilling og mangfald like rettar og moglegheiter til å bidra i organisasjonen. Vi tek aktive skritt for å fremje like rettar og moglegheiter for medarbeidarar, uavhengig av kjønn, nasjonalitet, etnisk opphav eller religiøs tilknyting, for på den måten å kunne leggje tilhøva betre til rette for eit nytenkjande og inkluderande arbeidsliv.