Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Helse Vest

Helse Vest

Regional tiltaksplan

Den regionale tiltaksplanen skildrar tiltak som skal bidra til å oppnå måla i strategien og utviklingsplanen, og er eit overordna supplement til HF-a sine planar og ei rekkje andre regionale planar og program.

Tekst, tavle

Innhaldet i tiltaksplanen utgjer derfor berre ein mindre del av den planlagde aktiviteten i Helse Vest. Tiltaksplanen skildrar likevel viktige sentrale tiltak som særleg er meint å frigjere ressursar til pasientretta verksemd og investeringar, og bidra til best mogleg tenester i regionen sett under eitt. Regionalt samarbeid, utgreiingar og tiltak for god utnytting av felles ressursar er derfor prioriterte.

Smidig gjennomføring og forvalting

Behov, rammer og teknologiske moglegheiter endrar seg raskt, og gjer det vanskelegare enn nokon gong å planleggje langt fram i tid. For å sikre høgast mogleg verdi for pasientane og medarbeidarane våre, må vi forvalte ressursane våre på ein smidig måte. Det vil seie at planane våre må ta høgde for endringar, og vi må gjere tilpassingar i løpet av planperioden. Tiltaksplanen inneheld derfor tiltak som blir gjennomført tidleg i planperioden, samt ei rekkje tiltakskandidatar som vil vere gjenstand for jamlege vurderingar opp mot den pågåande delen av porteføljen.

Tiltak og initiativ under oppstart og gjennomføring

Maŋemus ođastuvvon 2024-04-05