Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Helse Vest

Språkplan for Helse Vest 2025-2035

Kort fortalt

  • Eit klart og forståeleg språk byggjer tillit og bidreg til at vi bruker tida vår best mogleg. I tillegg lønner det seg økonomisk.
  • Fleire lover forpliktar oss til å skrive klart og brukartilpassa.
  • Føretaka i Helse Vest skal jobbe systematisk og målretta med skriftleg kommunikasjon, både internt og eksternt.
  • Språkplanen presenterer hovudmålet for arbeidet, og tiltak for nå målet.
  • Føretaka i Helse Vest skal prioritere språkopplæring av medarbeidarar, og å forbetre den skriftlege kommunikasjonen i pasientinformasjon, rekrutteringsarbeid og digitale tenester.
  • Språkplanen er styrebehandla i Helse Vest RHF 18. desember 2024. Den er også behandla av direktørmøtet i Helse Vest 2. desember 2024.

Språkplanen er eit styringsdokument, som gir føringar for korleis føretaka i Helse Vest skal bruke språket i møte med eksterne og interne målgrupper. Språkplanen skal hjelpe føretaka til å jobbe systematisk og målretta med skriftleg kommunikasjon, både internt og eksternt. 

Språkplanen skal leggje til rette for at den skriftlege kommunikasjonen frå sjukehusa og føretaka i Helse Vest er tydeleg og brukartilpassa, i tråd med prinsippa for klarspråk. Innhaldet i planen samsvarer med krava i språklova og andre relevante lov- og regelverk. Språkplanen er også knytt til dei overordna styringsdokumenta for føretaka i Helse Vest, og gjeld for både leiarar og medarbeidarar.

Det er dei kommunikasjonsansvarlege i føretaka som har ansvar for å følgje opp språkplanen og leggje til rette for språkarbeidet hos seg.

Klarspråk byggjer tillit og styrkjer rettstryggleiken

Korrekt og inkluderande språk skaper tryggleik, reduserer avstand og byggjer tillit mellom helsetenesta og befolkninga. Klarspråk vernar også om viktige rettsprinsipp. Føretaka i Helse Vest skal bruke eit språk som gjer at pasientar og pårørande forstår kva rettar, moglegheiter og plikter dei har i møte med spesialisthelsetenesta. 

Klarspråk er nedfelt i lova

Krav til forståeleg og brukartilpassa informasjon er nedfelt i fleire lover, mellom anna språklova. Språkplanen skal bidra til at vi jobbar systematisk med å følgje opp rettane til pasientar, pårørande og medarbeidarar.

Klarspråk lønner seg

Klarspråk sparer både medarbeidarar, pasientar og pårørande for unødvendig tidsbruk. Forståelege tekstar gjer folk meir sjølvhjelpte. Det fører til færre førespurnader til sjukehusa for å få oppklart innhaldet i brev og annan pasientinformasjon. Når pasientar forstår informasjon som gjeld dei sjølve, 
blir det også lettare å ta ansvar for eiga helse. Eit klart språk bidreg også til at fleire pasientar møter førebudde til undersøkingar.

Klarspråk er risikoførebyggjande og effektivt

Et klart språk reduserer faren for å gjere feil, og gjer oss meir effektive. Det forenklar også samarbeidet mellom ulike fagfelt, både internt og eksternt.

Klarspråk er viktig for reell medverknad og gode avgjerdsgrunnlag

Klarspråk er ein viktig føresetnad for å sikre innsyn og reell medverknad for pasientar og pårørande, tillitsvalde og verneombod. Saksgrunnlag for avgjerder blir forbetra gjennom arbeidet med eit klart og presist språk.

Alle leiarar i offentleg sektor har ansvar for at verksemdene deira følgjer språklova. Leiarar har dermed også eit ekstra ansvar for å auke kunnskapen om og motivere til arbeid med klarspråk blant medarbeidarane sine. 

Språkplanen er den overordna planen som gjeld for alle føretaka i Helse Vest.

Eitt av tiltaka i språkarbeidet er ein felles språkprofil, som er ein rettleiar for korleis vi skal skrive i Helse Vest. Den kan brukast av alle når dei skriv, og er særleg aktuell for dei som

  • skriv pasientbrev, pasientinformasjon og lagar innhald på nettsidene
  • skriv saksgrunnlag
  • gir avslag eller svarer på klager og tilsyn
  • jobbar i personal- og organisasjonsavdelingar (HR), driv med rekruttering eller skriv stillingsannonsar
  • jobbar med prosjektarbeid
  • jobbar med å utvikle digitale tenester

Mål for språkarbeidet 

Målet for språkarbeidet er at føretaka i Helse Vest jobbar systematisk med språkarbeid, slik at vi får ein skriftleg kommunikasjon som bidreg til trygge og nære helsetenester, godt samarbeid og rett bruk av tida vår. Vi når målet gjennom å jobbe med dei prioriterte områda og tiltaka som er presenterte under Prioriterte område og tiltak nedanfor.

Prioriterte område og tiltak

Dette er hovudområda føretaka i Helse Vest skal jobbe systematisk med i språkarbeidet.

1. Pasientinformasjon 

Pasientinformasjon og andre viktige tekstar skal vere forståelege, tilgjengelege og heilskaplege, slik at mottakaren forstår og kan bruke informasjonen dei får. For å vite sikkert om tekstar fungerer etter hensikta, skal dei testast på dei aktuelle målgruppene.

Slik gjer vi det

  • Vi skal kvalitetssikre og forbetre pasientretta tekstar og malar, for å sikre at innhaldet er oppdatert og følgjer klarspråksprinsippa.
  • Nettsida i føretaket skal vere hovudkanalen for pasientinformasjon. Alt av 
    pasientinformasjon som kan vere felles nasjonalt, på tvers av føretak og regionar, skal vere felles. Vi skal ta i bruk nasjonale behandlingstekstar så langt det lèt seg gjere.
  • Tekstar som blir brukte mykje, skal brukartestast på målgruppene så langt det lèt seg gjere.
  • Det blir etablert ei felles, regional verktøykasse, som kan vere ei hjelp i arbeidet med å brukarteste tekstar.

2. Opplæring av medarbeidarar

Medarbeidarar skal vite om og følgje prinsippa i språkprofilen når dei skriv til pasientar og pårørande, medarbeidarar, potensielle medarbeidarar og eksterne samarbeidspartnarar. Alle som treng det, skal få tilbod om språkkurs og anna tilgjengeleg skrivehjelp.

Slik gjer vi det

Språkprofil og skriverettleiar for stillingsannonsar
  • Medarbeidarar som har skriving som ein del av jobben, skal kjenne til språkprofilen og innhaldet i denne, og kan bruke han når dei skriv.
  • Vi har ein felles skriverettleiar for stillingsannonsar. Medarbeidarar kan bruke
    skriverettleiaren som hjelpemiddel i arbeidet med rekruttering og stillingsannonsar.
  • Kommunikasjonsavdelingane har eit særleg ansvar for å gjere språkprofilen og språkrettleiaren for stillingsannonsar kjent.
Skrivekurs
  • Alle medarbeidarar med skriving som ein del av jobben skal få tilbod om skrivekurs i klarspråk og nynorsk. E-læringskurs i klarspråk skal vere tilgjengeleg i Læringsportalen.
  • Klarspråk bør inngå i opplæringa av nye leiarar og leiarutviklingsprogram.
  • Det skal utarbeidast eit felles, regionalt undervisningsopplegg, som kan brukast av føretaka i Helse Vest.
Ressurspersonar og systematisk språkarbeid
  • Føretaka bør ha ein språkansvarleg person, avdeling eller ressursgruppe i språkarbeidet. Medarbeidarane bør ha ein person eller ei avdeling der dei veit dei kan ta kontakt om klarspråk.
Leiarar
  • Leiarar skal ha tilgang til språkhjelp og -opplæring.

3. Spesiell tilrettelegging og universell utforming av tekst

Eit inkluderande språk respekterer mangfaldet i samfunnet, bidreg til likeverdige offentlege tenester og førebyggjer diskriminering. Skriftleg informasjon frå føretaka i Helse Vest skal vere forståeleg og tilgjengeleg for flest mogleg. Gjennom universell utforming skal vi ta omsyn til personar med ulike leseutfordringar, og personar med andre språk enn norsk som førstespråk. Målgrupper som har behov for ytterlegare språkleg tilrettelegging, skal få det. 

Ein del av målgruppene våre, både pasientar, pårørande og medarbeidarar, er minoritetsspråklege. Ved å bruke eit klart og mottakartilpassa norsk gjer helseføretaka det lettare for folk å lære seg språket vårt. I enkelte situasjonar er det nødvendig å omsetje tekstar til andre språk.

Slik gjer vi det

  • Føretaka skal ha felles informasjon og opplæring tilgjengeleg på intranett om universell utforming av tekst i dokument og på nett.
  • Det skal lagast ein felles regional plan for omsetjing av pasientinformasjon til engelsk og eventuelt andre språk i samarbeid med Felles nettløysing for spesialisthelsetenesta.

4. Rekruttering

Å behalde og rekruttere medarbeidarar er ei av hovudutfordringane våre framover. Vi lagar stillingsannonsar for mange ulike fagområde og yrkesgrupper. Stillingsannonsane som blir publiserte, skal vere skrivne i klarspråk, og byggje på språkprofilen.

Slik gjer vi det

  • Vi har ein felles skriverettleiar for stillingsannonsar i Helse Vest (ligg på intranett).
  • Det skal utarbeidast eit felles, regionalt skrivekurs til alle som skriv stillingsannonsar.

5. Digitale løysingar

Språket i dei digitale løysingane som blir brukte av medarbeidarar i sjukehusa, skal vere tydeleg og brukartilpassa. Klarspråk i digitale tenester er også avgjerande når pasientar og pårørande skal bli sjølvbetente og få ei god brukaroppleving. Klarspråk skal liggje til grunn når vi utviklar digitale tenester, frå prosjektoppstart til ferdig løysing.

Slik gjer vi det

Aktuelle lover og føringar for språkplanen

Språk i lovverket

Språkplanen byggjer på krava i mellom anna språklova, oppdragsdokumenta og styringsdokumenta i Helse Vest. Her er ei kort oversikt over føringane vi har for språk i offentleg sektor.

Språklova

Språklova stiller krav om

  • eit korrekt og mottakartilpassa språk (klarspråk)
  • tilstrekkeleg skrivekompetanse i offentlege organ

Nynorsk og bokmål er likeverdige språk. Ifølgje språklova har offentlege instansar eit særskilt ansvar for å fremje nynorsk som skriftspråk.

Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Førde, Helse Vest IKT, Sjukehusapoteka Vest og Helse Vest RHF skal skrive nynorsk. Helse Stavanger har nøytralt tenestespråk, og skal veksle mellom nynorsk og bokmål.

Pasient- og brukarrettslova

Kapittel 3 i pasient- og brukarrettslova seier mellom anna at

  • pasientane skal få informasjonen dei treng
  • informasjonen skal vere tilpassa mottakaren
  • informasjonen skal givast på ein omsynsfull måte
  • helsepersonell må sikre at mottakaren forstår innhaldet, og kva det betyr for dei

Ifølgje pasient- og brukarrettslova skal informasjonen tilpassast evna til den enkelte til å gi og få informasjon. Det inneber å leggje til rette språket for målgrupper som har behov for det, og å jobbe med universell utforming. Sjå også forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT)-løysingar.

Andre lover

Klarspråk er også ein premiss i både forvaltningslova, likestillings- og diskrimineringslova og offentleglova.

Andre føringar for språket

Fleire føringar i Helse Vest underbyggjer at vi må jobbe med språket vårt:

Styrings- og oppdragsdokument

Kvart år får sjukehusa og føretaka styringsoppdrag frå Helse Vest, som igjen får oppdragsdokument frå Helse- og omsorgsdepartementet. I både 2024, 2020 og 2017 var klarspråk eit av oppdraga som vart gitt til sjukehusa og føretaka i Helse Vest. Sjå oppdragsdokument og styringsdokument på helse-vest.no. Oppdraga frå tidlegare år er ikkje utførte per 2024, og gjeld derfor framleis. Her er utdrag frå styringsdokumenta, som kjem frå Helse Vest RHF til føretaka i regionen:

2024

Helseføretaka skal jobbe systematisk for å innfri språkkrav i lov- og regelverk. Helseføretaka skal følgje prinsippa i språkprofilen for føretaksgruppa som ligg føre våren 2024, i skriftleg kommunikasjon med pasientar og pårørande, og i intern- og ekstern kommunikasjon.

2020

Helse Vest RHF ber helseføretaka om å gå gjennom informasjonsmateriell frå sjukehusa med omsyn til at pasientane skal forstå informasjonen dei får, betre. Dette gjeld mellom anna informasjon på nettsider og i brosjyrar, skilting på sjukehus eller andre behandlingsstader, eller pasientretta informasjon om legemidlar. Helseføretaka skal også bidra til det same i dei tiltaka som ligg til pasientkommunikasjon i programmet «Alle møte», til dømes brevmalar (Klart språk).

2017

Eit betre tilbod til pasientar og pårørande, med god og forenkla nettkommunikasjon, er eit viktig innsatsområde i Helse Vest. (...)

Klarspråk og økonomi

Klarspråk lønner seg. Det har KS slått fast. Menon Economics slår fast at offentleg sektor med stor tryggleik vil få ei avkastning på mellom 30 og 300 prosent ved å investere i klarspråksarbeid. I tillegg kan du lese på KS’ nettsider om kvifor klarspråk er viktig.

Erfaringar med klarspråk frå helsetenesta

Helgelandssjukehuset var først ut av sjukehusa i Noreg til å jobbe med klarspråk. Erfaringane derifrå kan du lese om i Tidsskriftet Michael.

Samanhengen mellom godt helsespråk og klarspråk er også adressert i ei eiga bok, som du kan lese om i Tidsskriftet.

 

Slik skriver vi i Helse Vest

Språkprofilen er ei rettleiing i korleis vi skal skrive i Helse Vest. Språkprofilen skal hjelpe oss til å ta omsyn til lesarane våre.

https://www.helse-vest.no/sprakprofil
En tegnet dame som ikke forstår en tekst
Maŋemus ođastuvvon 2024-12-18