Nasjonal samarbeidsgruppe for helseforsking i spesialisthelsetenesta (NSG) er eit strategisk rådgivande organ for dei deltakande institusjonane innanfor helseforsking. Dei regionale helseføretaka, universiteta, universitetssjukehusa og universitets- og høgskulerådet deltek i NSG. I tillegg møter brukarrepresentantar og observatørar frå Noregs forskingsråd, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet.
NSG blei oppretta i 2005 for å sikre dialog og samordning av helseforsking i eit nasjonalt perspektiv. I 2020-2022 har Helse Vest sekretariatsansvaret for NSG, også kjent som helseforsk.no.
Medlemmar i NSG per 1. desember 2019
- Øystein Krüger, Helse Sør-Øst RHF, helsesektoren
- Tove Klæboe Nilsen, Helse Nord RHF, helsesektoren
- Baard-Christian Schem, Helse Vest RHF, helsesektoren
- Siv Mørkved, Helse Midt-Norge RHF, helsesektoren
- Renate Grüner, fellesrepresentant universitetssykehusene, helsesektoren
- Erlend B. Smeland, Oslo universitetssykehus HF, helsesektoren
- Johanna E. Sollid, Universitetet i Tromsø, UH-sektoren
- Per Bakke, Universitetet i Bergen, UH-sektoren
- Ivar Gladhaug, Universitetet i Oslo, UH-sektoren
- Björn Gustafsson, NTNU, UH-sektoren
- Gro Jamtvedt, Universitets- og høgskolerådet (helsefag) UH-sektoren
- Fred Godtliebsen, Universitets- og høgskolerådet (helserelevante MNT-fag), UH-sektoren
- SAFO, brukarrepresentant
- Maiken Engelstad, Helse- og omsorgsdepartementet, observatør
- Hege Landmark-Høyvik, Kunnskapsdepartementet, observatør
- Jannikke Ludt, Norges forskningsråd, observatør
- Atle Fretheim, Folkehelseinstituttet observatør
Sjå heile medlemsoversikta, inkludert vararepresentantar og Arbeidsutval (PDF)
Møtedatoar i NSG vil bli fastsett seinare, på grunn av koronasituasjonen.