Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest
Ulike helserelaterte ikoner på mørk bakgrunn. Grafikk.

Topp fem risiko

Helseføretaka og det regionale helseføretaket i Helse Vest har definert fem felles, prioriterte område der vi alle set inn ekstra innsats for styring og reduksjon av risiko. Målet er å betre risikostyringa, og styrke regionalt samarbeid og læring.

Dette er dei fem risikoområda for 2024-2026: 

Det blir gjennomført store investeringar i nye IKT-system. Dette er viktige investeringar for framtida og ikkje minst med tanke på forventa personalknapphet. Ei risiko med å innføra mykje digitalisering i spesialisthelsetenesta er at vi ikkje veit om vi nyttar dei digitale verktøya best mogleg. Det er viktig med kompetanse og meistring hos medarbeidarar knytt til digitale løysingar. Risikoområdet må arbeide for å legge til rette for at løysningane tas best mogleg i bruk og at dei riktige løysningane blir prioritert utvikla. 

Legemiddel er ein sentral innsatsfaktor i behandlinga av pasientar og for at dei skal ha størst mogeleg livskvalitet ut frå sine føresetnader. Dessverre skjer det at pasientar i helsetenesta døyr eller blir skada som følgje av legemiddelbehandling. 20 prosent av avviksmeldingane i Helse Vest involverer legemiddel og 20 prosent av pasientskadene er relatert til det.

Målet er å førebyggje at pasientar døyr eller blir alvorleg skada som følgje av legemiddelbehandling i Helse Vest. Hovudmerksemda i dette arbeidet ligg på områda der det er størst fare for størst skade – og legemiddel og pasientgrupper som er forbundne med størst risiko.

Uønskt variasjon i helsetenester oppstår når han ikkje kan forklårast med helseforskjellar, pasientpreferansar eller tilfeldig variasjon. Dette kan føre til underbehandling, overbehandling eller feilbehandling.

Spesialisthelsetenesta manglar ressursar til å levere høg kvalitet overalt, noko som kan føre til uønskt variasjon og dårlege prioriteringar. Vi må prioritere godt på alle nivå for å bruke ressursar og kompetanse best mogleg, og unngå overdiagnostikk og overbehandling. I Helse Vest må vi utvikle eit rammeverk og verktøy for å hjelpe leiarar og tilsette med å oppdage uønskt variasjon og gjere gode prioriteringar.

Ei stor utfordring i helsetenesta på Vestlandet er å behalde og rekruttere nok medarbeidarar med rett kompetanse. Utan dette vil det bli vanskeleg å gi gode spesialisthelsetenester til befolkninga. Vi treng nok medarbeidarar med spissa kompetanse og å behalde breiddekompetansen som er nødvendig. Høgt sjukefråvær er også eit problem, og vi må jobbe med HMS-tiltak for å løyse dette.

Beredskap har fått større merksemd dei siste åra på grunn av den endra sikkerheitspolitiske situasjonen. Fleire regionale beredskapsplanar blir utarbeidde, som skal gi krav og retningslinjer for lokale planar. Leiarar og tilsette treng meir kunnskap om beredskap for å handtere hendingar på best mogleg måte.

Målet er å finne ein metode for å setje i verk, evaluere og oppdatere lokale planar, og dessutan auke beredskapskompetansen i føretaka.

Kvifor har vi topp fem risiko?

Det er viktig å kjenne til ulike risikoar og korleis dei påverkar sjukehusa for å nå måla våre og utvikle tenestene for både medarbeidarar og pasientar. Når vi veit kva risikoane er, kan vi gjere noko for å redusere dei.

Formålet med "topp fem risiko" er å få betre kontroll over risikostyringa og samtidig legge til rette for styrkt samarbeid og læring på tvers av helseføretaka.

Metodikken

Metodikken er først å samle fakta og beskrive pågåande arbeid. Vi veit mykje om utfordringane, og det blir allereie gjort mykje godt arbeid. Likevel kan det trengast meir kunnskap og innsats for å redusere risikoen så mykje som mogleg. Når vi har eit kunnskapsgrunnlag, må vi analysere og vurdere kva risikoen betyr for medarbeidarar, leiarar og verksemda.

Når vi veit, må vi gjere tiltak og dele desse med andre helseføretak, anten vi lukkast med alt eller ikkje. Denne delinga er grunnlaget for læring og for at vi heile tida kan forbetre tiltaka. Ein viktig del av riskostyringa er at vi evaluerer og korrigerer undervegs, og aller helst i samarbeid med andre.

Sist oppdatert 10.02.2025