Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest
Diagram

Innovasjon

I Helse Vest skal vi legge til rette for innovative løysingar som effektiviserer og forenklar tenesta, forbetra diagnostikk, behandling, og tenesteforløp, reduserer kompetansegap eller opnar for nye metodar for betre involvering av pasientar og pårørande.

Helse Vest RHF lyser​ kvart år ut midlar til innovasjonsprosjekt. Neste søknadsfrist er 29. januar kl. 13:00.

Søk i eSøknad

​Les meir om utlysing av midlar til innov​asjonsprosjekt

portrettbilde av kvinne i svart hvitt

Lena Forgaard

Seniorrådgivar

lena.forgaard@helse-vest.no 48124019

Postmottak: post@helse-vest.no (merk emnefeltet med Innovasjon)

Det regionale innovasjonsnettverket består av representantar frå alle føretaka i Helse Vest, i tillegg til dei private ideelle ins​titusjonane. Nettverket skal handtere strategiske og overordna spørsmål kring innovasjon i Helse Vest.

Regionalt operasjonelt innovasjonsforum er eit forum med deltakarar frå det operasjonelle innovasjonsarbeidet i det enkelte føretak. Deltakarane skal informere om og gi råd til innovasjonsakti​vitetar i føretaket.

Oppgåver:

  • sikre samarbeid mellom strategisk og operasjonelt nivå
  • sikre samarbeid på operativt nivå innanfor eige føretak og på tvers av føretaka
  • sikre erfaringsutveksling og kunnskapsdeling
  • dra nytte av tilgjengelege ressursar i føretaket
  • auke totalgevinsten av innovasjonsarbeidet i Helse Vest
  • vere eit rådgivande forum for innovasjonsmidlane i Helse Vest med løpande tildeling
  • sikre samspel med prosjekt i eksisterande utviklingsløp i Helse Vest

Medlemmer i regionalt innovasjonsforum i Helse Vest:

  • Helse Vest RHF: Lena Forgaard (leiar), Carina Mæland og Kari Birgitte Wiig
  • Helse Bergen: Yvonne Nordvoll​ og Magnus Holtermann
  • Helse Fonna: Helge Børresen og Ingrid Øritsland Våge
  • Helse Førde: Gro Rukan og Guro Mjanger
  • Helse Stavanger: Kenneth Austrått
  • Haraldsplass Diakonale Sykehus: Ida Kristine Sangnes
  • Helse Vest IKT: Hilde Alvseike
  • Sjukehusapoteka Vest: Quynh Bao Truong Le
  • Sykehusinnkjøp divisjon vest: Bjarne Wetteland

​Om du har pasienterfari​ng, er tilsett, pårørande, samarbeidspartnar eller representant frå næringslivet, er du velkommen til å dele ideen din med oss. Vi vil følgje opp forslaget ditt og gi deg ei rask tilbakemelding.

I Helse Vest vil vi prioritere idear som har størst nytte for pasientar, pårørande og tilsette. Sjølv mindre forbetringar på arbeidsplas​sen eller eit nytt hjelpemiddel kan gi positive utslag for kvardagen til både pasientar og tilsette i sjukehusa. Hugs at innovasjon handlar om så mykje meir enn avanserte IKT-prosjekt.​

Det finst idémottak i a​​​lle helseføretaka i Helse Vest. Du kan sende ideen din direkte til:

Helse Førde

Helse Bergen

Helse Fonna

Helse Stavanger

Har du ein idé som gjeld Helse Vest​​​ RHF, Helse Vest IKT, Sjukehusapoteka Vest, Sykehusinnkjøp divisjon vest eller dei private ideelle, send ideen din inn her:​

Regional strategi for forsking og innovasjon

Det regionale samarbeidsorganet i Helse Vest har for perioden frå 2024 til 2030 etablert ein ny strategi for samarbeid om helseforsking og innovasjon mellom sjukehus, universitet og høgskular. Strategien har som mål å styrkje den felles kunnskapen og verdiskapinga vår til beste for pasientane.

Les heile strategien
Tekst

Nyheiter om innovasjon

Har du ein god idé?

Om du har pasienterfaring, er tilsett, pårørande, samarbeidspartnar eller representant frå næringslivet, er du velkommen til å dele ideen din med oss. Vi vil følgje opp forslaget ditt og gi deg ei rask tilbakemelding.
Send inn din idé!
En kvinne som holder en blomst
Sist oppdatert 15.08.2024