Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Stimuleringsmidlar

På vegne av Helse Vest lyser Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest ut midlar for å stimulere register og kliniske fagmiljø i alle helseføretaka i regionen til å nytte registerdata til forbetring av helsetenesta. Formålet med utlysinga er kvalitetsforbetringsprosjekt eller forskingsprosjekt.

Søknadsfristen er 25.mars

Link til søknadsskjema: E-søknad

Kliniske fagmiljø/avdelingar og lokale, regionale eller nasjonale kvalitetsregister forankra i Helse Vest kan søke om midlar. Maksimal tildelingssum er 200 000 kroner. Det kan unntaksvis vere aktuelt å tildele eit prosjekt meir enn dette. Midlane vil bli tildelt som ein eingongssum. Prosjektperioden er inntil 1 ½ år.​

  • Søknaden må falle innanfor formålet med utlysinga
  • Prosjektet skal nytte data frå eit nasjonalt, regionalt eller lokalt medisinsk kvalitetsregister.
  • Prosjektet skal ha dokumentert leiarforankring
  • Prosjektet må ha ei tidsavgrensing på 1,5 år

Presisering

Søknadane blir vurdert på bakgrunn av det som blir lagt inn elektronisk søknadsskjema. Vedlegg skal kun gjelde leiarforankring og eventuell utfyllande informasjon om prosjektgruppa.

Ved mange kvalifiserte søknader så kan søknadar om kvalitetsforbetringsprosjekt bli prioritert framfor forskingsprosjekt. Prosjekt som har fått økonomisk stønad frå andre kjelder kan også bli nedprioritert ved mange søknadar.

Det blir ikkje tildelt midlar til etablering av kvalitetsregister, ordinær registerdrift, datakvalitetsprosjekt eller til investeringar (som til dømes kjøp, utvikling og/eller drift av elektronisk innrapporterings- og/eller resultatløysing).

Det vert etterspurt ein kort statusrapport halvegs uti prosjektperioden og til slutt ein fagleg poster som skal sendast til Fagsenter for medisinske kvalitetsregister seinast to månader etter prosjektslutt. I posteren skal det gjerast greie for resultat av prosjektet, særleg erfaringar som kan vere nyttige for andre fagmiljø i og utanfor Helse Vest. Posterpresentasjon av prosjektet vil bli formidla av Fagsenteret, blant anna på senteret si heimeside.

Det skal også utarbeidast ein rekneskapsrapport. Ubrukte midlar kan berre unntaksvis overførast utover prosjektperioden og då etter særskilt grunngjeving. Søknad om overføring av midlar må sendast til Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest seinast november året etter tildeling. Ubrukte midlar kan berre overførast ein gong.

Eventuelle spørsmål kan sendast til kvalitetsregistre@helse-vest.no

 

Sist oppdatert 29.01.2025