Regionalt kompetansemiljø for metodevurderingar (RKMV)
Her får du oversikt over kva regionalt kompetansemiljø for metodevurderingar gjer. RKMV held til i Helse Bergen.
Regionalt kompetansemiljø for metodevurderingar (RKMV) bidrar i Nye metoder med systematisk medverknad frå fagpersonar i sjukehusa, og videreutviklar gode system for prioriteringar og avgjerder.
Dei fire regionale helseføretaka har ansvaret for Nye metodar. Nye metodar er eit felles system for å bestemme kva behandlingsmetodar spesialisthelsetenesta kan tilby. Gå til nyemetoder.no for meir informasjon.
Hovudoppgåvene til RKMV
1. RKVM bidrar til systematisk medverknad frå fagpersonar i Helse Vest, før sjukehusa kan tilby nye metoder.
- RKMV innhentar innspel om kva metodar som skal prioriterast for nasjonal metodevurdering.
- RKMV rekrutterer fagekspertar til nasjonale metodevurderingar. Les meir om involveringa av fagpersonar på nyemetoder.no.
2. RKMV bidrar lokalt, regionalt og nasjonalt med å vidareutvikle gode system for prioriteringar og avgjerder på fleire nivå. Det inkluderer prioriteringsverktøyet “Metodevurdering - Tidleg avgjerdsstøtte”.
RKMV bistår med
- informasjon om framgangsmåte ved innføring av nye metodar i klinisk verksemd nasjonalt, regionalt og lokalt.
- råd og støtte til ulike typar metodevurdering. Det kan for eksempel vere å bruke verktøya “Metodevurdering - tidleg avgjerdsstøtte", minimetodevurdering eller nasjonal metodevurdering
- informasjon og oppfølging av avgjerder gjort av Beslutningsforum
Mini-metodevurdering
- Ei mini-metodevurdering er ei forenkla form for metodevurdering. Den er spesielt tilpassa avgjerdene som skal takast på sjukehusnivå, altså lokalt nivå.
- Mini-metodevurdering kan vere aktuelt for medisinske, kirurgiske og helsefaglege prosedyrar, eller for diagnostiske testar og medisinsk utstyr.
- Mini-metodevurdering skal normalt ikkje brukast til metodevurdering av legemiddel, eller metodar der legemiddel inngår som ein vesentleg komponent.
- Sjå eigen side med meir informasjon om mini-metodevurdering på Mini-metodevurdering (FHI).
- Sjå dei ulike metodevurderingane på Metodevurderinger - Nye metodar.
Vi anbefaler alle som skal gjennomføre ein mini-metodevurdering for fyrste gong, om å ta kontakt med RKMV.
For å unngå at fleire startar på same vurdering samtidig, er det viktig at alle som startar ein mini-metodevurdering, først registrerer han i den nasjonale databasen for mini-metodevurderinger.
Kontakt
Ta kontakt med oss på metodevurdering@helse-vest.no om du har spørsmål.