Råd og utval
Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon
Regionalt samarbeidsorgan mellom Helse Vest, universiteta og høgskule i regionen vedtar fordelinga av Helse Vest sine forskingsmidlar, og har ein rådgivande funksjon i saker som gjeld forsking.
Les meir om samarbeidsorganetRegionalt redelighetsutvalg
Regionalt redelighetsutvalg har ansvar for å behandle saker om moglege brot på anerkjente forskingsetiske normer.
Les meir RedelighetsutvalgetHelseOmsorg21-rådet
Forskings- og innovasjonsstrategien HelseOmsorg21 blei ferdigstilt juni 2014. Målet med strategien har vore å skape ein målretta og heilskapleg innsats for det 21. århundre i verdikjeden frå forsking til innovasjon og kommersialisering. HelseOmsorg21-rådet vil arbeide med oppfølging av strategien.
Les meir om HelseOmsorg21
HelseOmsorg21-monitor
Nasjonal samarbeidsgruppe for helseforsking i spesialisthelsetenesta (NSG)
NSG blei oppretta i 2005 for å sikre dialog og samordning av helseforsking i eit nasjonalt perspektiv. NSG er eit strategisk rådgivande organ for dei deltakande institusjonane innan helseforsking. Dei regionale helseføretaka, universiteta, universitetssjukehusa og universitets- og høgskulerådet deltek i NSG. I tillegg møter to brukarrepresentantar og observatørar frå Noregs forskingsråd, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet.
Helse Vest har sekretariatsfunksjonen for NSG for 2020 - 2022.
Les meir om NSG Dei regionale helseføretaka si strategigruppe for forsking
Dei regionale helseføretaka si strategigruppe for forsking er eit viktig forum for kontakt mellom RHF-a og for kommunikasjon med Helse- og omsorgsdepartementet om overordneda og strategiske forskingsspørsmål.
Strategigruppa består av representantar frå kvart av dei fire regionale helseføretaka, både frå fagsida og frå administrativ side. Helse- og omsorgsdepartementet, Helsedirektoratet, Kunnskapssenteret og Noregs forskingsråd har observatørstatus i gruppa.
Les meir om strategigruppa i dei regionale helseføretaka