Insentivprogram for eksterne forskingsmidlar
Det regionale samarbeidsorganet mellom Helse Vest og universiteta i regionen har etablert eit insentivprogram for eksterne forskingsmidlar. Insentivprogrammet er delt i to: posisjoneringsmidlar, der ein kan få støtte til søknadsutforming retta mot EU og Noregs forskningsråd, og tilleggsfinansiering for oppnådd finansiering frå EU, Marie Sklodowska-Curie-stipend eller større satsingar/ senter/ prosjekt frå Forskingsrådet.
Regjeringa sin strategi for norsk deltaking i Horisont Europa og Det europeiske forskingsområdet blei lansert i 2022. Regjeringa har som mål at norsk deltaking i det europeiske forskings- og innovasjonssamarbeidet mellom anna skal auke kvaliteten i norsk forsking og gjere oss i stand til å handtere store samfunnsutfordringar. Regjeringa oppmodar forskingsinstitusjonar i Noreg om å satse langsiktig og målretta for å nå opp i den europeiske konkurransen og for å delta i det samarbeidet som best støttar opp om eigne mål.
Eksterne forskingsmidlar frå EU og Forskingsrådet inngår i indikatoren for forskingsproduksjon i helseføretaka, og det å sikre forskingsmidlar frå desse kjeldene er difor ein viktig del av å oppretthalde og sikre forskingsfinansieringa til Helse Vest.
Posisjoneringsmidlane skal vere til støtte for førebuing og nettverksbygging i samband med søknadsutforming retta mot EU og Forskingsrådet og skal bidra til søknader av høg kvalitet.
Midlane kan nyttast til organisering/deltaking i workshops/seminar, reiser, tilrettelegging for kontakt med næringsliv og små og mellomstore bedrifter, assistanse til søknadsskriving, og/eller frikjøp til søknadsskriving, o.a.
Midlane kan også nyttast til søknadsskriving til COST Actions, der eit helseføretak eller ein privat, ideell institusjon med avtale med Helse Vest er oppført som «Chair» for aktiviteten i nettverket.
Merk! Det må søkjast om posisjoneringsmidlar i god tid før fristen på den aktuelle utlysinga går ut. Midlane kan ikkje brukast til andre utlysingar enn den det er søkt for.
Sjå retningslinjer og søknadsskjema for posisjoneringsmidlar
Det regionale samarbeidsorganet for forsking og innovasjon ønskjer å synleggjere og påskjøne innsats for forskingssamarbeid med større ekstern finansiering frå EU og større satsingar / senter frå Forskingsrådet. Prosjekt som har fått midlar frå desse kjeldene, kan få ein mindre del av dei rekneskapsførte midlane som tilleggsfinansiering frå Helse Vest, så lenge prosjekta er forankra og rekneskapsført i eit helseføretak eller privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest.
Det blir og gitt tilleggsfinansiering til ph.d.- og postdoktorstipend gjennom MSCA til å dekkje den delen av norsk løn som stipendet ikkje dekkjer.
Midlane blir tildelt etter søknad frå institusjonen (helseføretak / privat, ideell institusjon). Det skal sendast inn eitt skjema per institusjon med oversikt over alle EU-prosjekt det blir søkt for, og eitt skjema for alle Forskingsrådprosjekt det blir søkt for.
- Ein kan søkje om tilleggsfinansiering seinast innan 1. juni året etter at midlane er rekneskapsført i helseføretaket.
- Skjema kan først sendast inn når årsrekneskapen er avslutta.
- Ein kan ikkje søkje om tilleggsfinansiering for fleire år om gongen, institusjonen må sende inn nytt skjema kvart år.
- Ein kan ikkje søkje om tilleggsfinansiering for både EU og Forskingsrådet på same skjema.
Midlane blir gitt som miljøstøtte og blir tildelt søkjarinstitusjon (ved lokal prosjektansvarleg) etter søknad frå helseføretaket / den private, ideelle institusjonen der EU-prosjektet er forankra.
Midlane skal gå til forsking, og kan brukast til både løn og drift. Midlane skal handterast av helseføretak i regionen eller private, ideelle institusjonar som har avtale med Helse Vest.
Personell finansiert av midlane skal tilsetjast i søkarinstitusjonen. Det er rapporteringsplikt for midlane, og rapporteringa blir gjennomført i januar. Mottakar og rekneskapsinstitusjon vil bli varsla når rapportering skal gjennomførast.
Det er rapporteringsplikt for midlane, og rapporteringa blir gjennomført saman med anna rapportering i januar. Mottakar og rekneskapsinstitusjon vil bli varsla når rapportering skal gjennomførast.
Søknadane blir gjennomgått av samarbeidsorganet sitt sekretariat, og vedtak om tildeling blir fatta av fagdirektør i Helse Vest. Dersom det manglar opplysningar eller vedlegg i søknaden, vil søknaden bli avvist.
Utfylt skjema skal sendast Regionalt kompetansesenter for klinisk forsking via e-post til: forskning@helse-vest.no
Helse Vest vil bidra med 10 prosent tilleggsfinansiering til større forskingsrådssatsingar / -senter (SFI, SFF, FKB, infrastruktur, KI-sentre og motsvarande) i helseføretaka og dei private, ideelle institusjonane med avtale med Helse Vest.
Tilleggsfinansieringa er avgrensa til å omfatte midlar som gir utteljing i Helse- og omsorgsdepartementet sitt målesystem for forskingsaktivitet i helseføretaka og som utgjer meir enn 500.000 kroner årleg.
Tilleggsfinansieringa inkluderer midlar der helseføretaket/institusjonen anten er koordinator eller partnar i store senter ved andre institusjonar. Ved tildeling blir det tatt utgangspunkt i rekneskapsførte (innbetalte) midlar i helseføretaket/den private, ideelle institusjonen. Midlar som er utbetalt til andre institusjonar må trekkjast frå.
Søknadsskjema-tilleggsfinansiering NFR
På førespurnad til sekretariatet kan det givast vilkårsbunde (betinga) tildelingsbrev. Dette kan leggjast ved søknad til Forskingsrådet som stadfesting på moglegheita for tilleggsfinansiering frå det regionale helseføretaket.
Prosjekt som har fått midlar frå EU som er forankra og rekneskapsført i eit helseføretak eller privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest, kan få 15 prosent av dei rekneskapsførte midlane som tilleggsfinansiering frå Helse Vest.
Helseføretaket/den private ideelle institusjonen må vere koordinator, partnar eller opptre som tredjepart i EU-prosjektet. Status som underleverandør (subcontrator) gir ikkje utteljing.
Tilleggsfinansieringa er avgrensa til å omfatte EU-midlar som gir utteljing i Helse- og omsorgsdepartementet sitt målesystem for forskingsaktivitet i helseføretaka. Sjå kva EU-midlar som gir utteljing i Helse- og omsorgsdepartementet sitt målesystem her.
Marie Sklodwska-Curie Actions (MSCA) er eit program for mobilitet og karriereutvikling for forskarar i EU. Noreg er med i programmet på lik linje med EU-landa. MSCA-stipenda blir tildelt etter faste satsar som ikkje er i samsvar med norske løns- og kostnadsnivå. For å gjere stipenda meir attraktive for helseføretaka, vil Helse Vest bidra med finansiering av mellomlegget mellom EU-sats og lønnsnivå for innreisande kandidatar.
Helseføretak og private, ideelle institusjonar som har avtale med Helse Vest som får tildelt eit stipend gjennom MSCA kan søkje om inntil 340 000 kroner pr. år for å få dekt mellomlegget for innreisande og utreisande kandidat. Det må gjerast greie for tildelt beløp og planlagt lønsnivå for stipendiaten i søknadsskjemaet. Ordninga er avgrensa til å gjelde MSCA postdoktorstipend.Det kan søkjast om å få finansiert mellomlegg for heile stipendperioden, inntil 3 år.
Det er kontinuerleg tildeling. Søknadane blir gjennomgått administrativt av samarbeidsorganet sitt sekretariat, og vedtak om tildeling blir fatta av fagdirektør i Helse Vest. Dersom det manglar opplysningar eller vedlegg i søknaden, vil søknaden bli avvist.
Søknadsskjema for tilleggsfinansiering, Marie Sklodwska-Curie-midlar
Søknadsskjema skal sendast til: forskning@helse-vest.no
Midlane skal brukast til lønn med sosiale utgifter og til drift av prosjektet, og stipendiaten skal tilsetjast ved søkarinstitusjonen (helseføretaket / den private, ideelle institusjonen). Midlane skal handterast og rekneskapsførast av helseføretaka i regionen eller private, ideelle institusjonar som har avtale med Helse Vest.
Det er rapporteringsplikt for midlane, og rapporteringa blir gjennomført i januar. Mottakaren og rekneskapsinstitusjonen vil bli varsla når rapporteringa skal gjennomførast.
Finansiering av mellomlegget kjem i tillegg til påskjøningsmidlar for EU-prosjekt.