Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Øyremerkte midlar til nasjonale og regionale kompetansesenter

​Retningslinjer

Nasjonale og regionale kompetansesentre er finansiert blant anna gjennom øyremerkte midlar frå Helse Vest RHF. Det er rapporteringsplikt for de øyremerkte midlane.

Årsrekneskap for dei øyremerkte mid​lane skal leverast innan 31. januar. Elektroniske rapporteringsskjema blir sendt i første halvdel av januar til rekneskapsansvarleg for kvart enkelt kompetansesenter.

Overføring av midlar

Dersom tildelte øyremerkte midlar ikkje er nytta, er det mogleg å søkje om overføring til påfølgjande år. Søknad om overføring av midlar skal gjerast i samband med og i same skjema som for innsending av årsrekneskap.

Varer og tenester som er mottekne før årsskiftet skal førast det året dei er mottekne, sjølv om faktura/betaling kjem året etter. Det skal vere samsvar mellom det som blir rapportert og det som er bokført i institusjonen som kompetansesenteret er knytt til.

Ved vurdering av sø​knad om overføring av midlar skal det leggjast vekt på følgjande:

  • fagleg rapport og rekneskapsrapport er sendt inn etter gjeldande reglar
  • søknad om overføring må grunngivast
  • det må givast ei eintydig forklaring på årsak til manglande bruk av midlane

Følgjande forh​old vil tale mot godkjenning om overføring:

  • søknad utan grunngiving
  • søknad om å bruke midlar til andre formål enn det ble gitt tilskott til
  • det kan søkjast om å overføre ubrukte midlar til påfølgjande år. Det kan ikkje påreknast vidare overføring til etterfølgjande år.​​​​
Sist oppdatert 17.04.2023