Retningslinjer for innovasjons- og forskingsprisar

Helse Vest RHF deler kvart år ut to prisar: Ein forskingspris og ein innovasjonspris. For å kunne motta prisen må kandidaten vere tilsett i eit av føretaka i Helse Vest eller i ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest. Styreleiar i Helse Vest deler ut prisane på den årlege forskningskonferansen om hausten.

Forskingsprisen i Helse Vest

Helse Vest gir prisen til ein forskar eller eit forskingsmiljø som gjennom forskinga si har medverka til å styrkje eit forskingsfelt eller eit forskingsbasert helsetenestetilbod. Forskinga skal vere av ein karakter og standard som har betyding for forskingsnivået og/eller tenestetilbodet i regionen.

Du kan foreslå kandidatar (forskar, forskingsmiljø) som har medverka til utvikling av anten: a) eit forskingsområde, b) eit forskingssamarbeid eller -miljø, eller c) som gjennom forskinga si har betra klinisk praksis i Helse Vest.

Den årlege forskingsprisen i Helse Vest består av 200 000 kroner og eit kunstverk. Prisbeløpet skal nyttast til vidare forsking. Midlane skal i utgangspunktet handterast av eit helseføretak eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest.

​Vurderingskriterium forskingsprisen i Helse Vest

Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon i Helse Vest mottar grunna forslag på kandidatar til prisen. Det er utarbeidd eit eige skjema som forslagsstillar fyller ut. Forslaga blir oversent ein oppnemnd priskomite som består av tre eksterne medlemmer.

Dersom forslaget byggjer på spesifikke artiklar og omtalar, skal desse vere vedlagde eller på annan måte gjorde tilgjengelege for priskomiteen. Tilsvarande skal det leggjast ved på kva slags måte forskaren/forskarmiljøet har bidrege til å betre klinisk praksis.

Forslagsskjema forskingspris

Last ned forslagsskjema

Ufylt skjema sendes til Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon: forskning@helse-vest.no.

​Innovasjonsprisen i Helse Vest

Formålet med prisen er å stimulere til økt innovasjonsaktivitet i føretaksgruppa, gjennom å løfte fram vellykka innovasjonsprosjekt og innovatørar.

Helse Vest deler ut innovasjonsprisen til éin eller fleire personar som gjennom dei siste tre åra har bidrege til å utvikle ei ny eller forbetra vare, teneste, produksjonsprosess eller organisasjonsform som utgjer eit konsept som kan brukast på nytt i helsesektoren.

Prisen kan bli tildelt med utgangspunkt i både forskingsdrevet og behovsdrevet innovasjon. Produktet, prosessen eller tenestene skal vere tekne i bruk, og det skal gjerast greie for nytten innovasjonen har for sjukehuset og/eller pasientane.

Prisen blir delt ut på bakgrunn av:

 
  1. Prosjekt der utviklinga er synleg gjennom at idé/innovasjonsprosjekt enten er rapportert (patent/DOFI) frå og/eller utvikla saman med regionale TTO (Technology Transfer Offices) eller andre innovasjonsaktørar – eller:
  2. Tenesteinnovasjonsprosjekt

Leiarar og tilsette ved helseføretak/sjukehus, universitet og høgskulen i regionen og brukarutval i helseføreta, kan komme med forslag til kandidatar til prisen. Forslag frå andre vil bli vurderte så lenge kandidaten oppfyller kriteria for prisen.

Innovasjonsprisen består av 100 000 kroner og eit kunstverk. Prisbeløpet skal nyttast til vidare innovasjonsarbeid. Midlane skal handterast av eit helseføretak eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest.

​Vurderingskriterium for innovasjonspris i Helse Vest

Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon i Helse Vest mottek grunna forslag på kandidatar til prisane. Det er utarbeidd eit eige skjema som forslagsstillar fyller ut.

Forslaga blir vurderte ut frå følgjande kriterium:

  1. ​Innovasjonen utgjer eit nytt eller forbetra konsept som kan brukast på nytt i helsesektoren, nasjonalt og internasjonalt. Ved vurderinga skal det leggjast vekt på om innovasjonen faktisk er teken i bruk andre stader, eventuelt har potensial for spreiing på et seinare tidspunkt.
  2. Nytte for sjukehus, brukarar/pasientar, pårørande og samfunn.
    1. Kva for eit problem eller behov er det innovasjonen løyser eller dekkjer?
    2. Korleis blei dette ivareteke tidlegare?
    3. Kvifor er den nye løysinga betre?

​Det blir oppnemnd ein priskomité som består av tre medlemmar innanfor innovasjonsfeltet. Komiteen består av éin representant frå eksternt helseføretak, (leiar av komiteen), éin representant frå nasjonal innovasjonsaktør og éin representant frå Helse Vest.​

Forslagsskjema innovasjonspris

Last ned forslagsskjema for innovasjonpris

 

​​Send utfylt skjema til Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon: forskning@helse-vest.no.

​Retningslinjene er reviderte i 2021.

Fann du det du leitte etter?