Page in English
Nasjonal handlingsplan for kliniske studier (2021-2025) har som visjon at klinisk forsking skal vere ein integrert del av all pasientbehandling. Klinisk karrierestipend kan vere eitt verkemiddel for å nå måla i handlingsplanen.
Formålet med forskingsmidlane er at dei skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka, og auke produktiviteten, kvaliteten og nytten av forskinga.
Kven kan søkje – krav på søknadstidspunktet
Ved tildeling
Ved tildeling av karrierestipend frå Helse Vest skal personar finansierte av forskingsmidlane tilsetjast ved helseføretaket søknaden kjem frå («Søkjarinstitusjon»).
Dersom det skjer endringar i tilsettingsforholdet til søkjaren etter tildeling og i løpet av prosjektperioden, er det søkjarinstitusjonen som har det avgjerande ordet om ansvarleg institusjon for prosjektet skal bli endra. Forhold rundt ei eventuell endring skal avklarast gjennom avtalar mellom dei aktuelle institusjonane.
Brukarmedverknad i forsking
Alle som får Helse Vest sine forskingsmidlar, skal ta kurs i brukarmedverknad i forsking. Les meir om brukarmedverknad i Helse Vest.
Krav til søknad
Klinisk karrierestipend blir tildelt forskarar som vil byggje opp forskingsmiljø. Det vil derfor bli stilt ekstra sterke krav til søknadar i denne kategorien. Kandidatar må ha vist evner til sjølvstende og det vil bli lagt vekt på om søkjaren vil vere i stand til å byggje opp sitt eige forskingsmiljø i løpet av prosjektperioden. Dette må komme tydeleg fram i søknaden. Forskingsproduksjonen til kandidaten vil bli vurdert opp mot omfanget av klinisk verksemd.
Kva kan det søkjast om
Total kostnadsramme er for tida inntil 2,3 millionar kroner per år i fire år. Tildelinga skal brukast til lønn med sosiale utgifter og til drift av prosjektet.
Karrierestipendet skal dekkje løn til eiga stilling, tilhøyrande stilling (stipendiat, forskingsstøtte, koordinator) og ekstra driftsmidlar. Karrierestipendet kan takast ut i 50 prosent i heile eller delar av perioden, i kombinasjon med klinisk stilling, og lengda på stipendet kan derfor variere ut frå stillingsprosenten. Dette treng ikkje vere avklart på søknadstidspunktet.
Dersom søkjaren ønskjer å bli vurdert i kategorien postdoktorstipend eller som eit vanleg fleirårig prosjekt i tilfelle søknaden om klinisk karrierestipend ikkje når opp i konkurransen, må det sendast inn separate søknadar. Budsjett, prosjektframstilling og vedlegg må i så fall bli tilpassa kvar enkelt søknadskategori.
Prosjektframstilling og andre vedlegg
Det skal lastast opp to vedlegg:
1. Prosjektframstillinga
Det er utarbeidd felles
mal for prosjektframstilling som skal brukast ved innsending av søknad om forskingsmidlar. I denne vil du finne informasjon om kva element som skal inngå i prosjektframstillinga. Prosjektframstillinga skal lastast opp som vedlegg til søknaden (PDF-dokument).
2. Andre obligatoriske vedlegg
Vedlegga skal lastast opp samla som eitt PDF-dokument i rekkjefølgja skissert under:
- CV (anbefalt lengde 2 sider) og liste over publikasjonar for dei siste 5 åra.