Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Retningslinjer for kreditering av vitskaplege publikasjonar

  1. Formålet med Helse Vests forskingsmidlar er at dei skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka og auke produktiviteten og kvaliteten på forskinga. Produktivitet og kvalitet ved helseføretaka blir målt gjennom det nasjonale forskingsdokumentasjonssystemet CRIStin.

  2. Vancouver-reglane slår fast at forskarar med vesentlege bidrag skal sikrast medforfattarskap ved publisering av vitskaplege artiklar.

  3. Vancouver-reglane for forfattarskap kan tolkast analogt med kva institusjonar som kan krediterast i oppgitte forfattaradresser. Universitets- og høgskolerådet (UHR) skriv i si utgreiing "Vekt på forskning" (punkt 8.2) at det er i tråd med internasjonal praksis at forfattarar oppgjev forfattaradresser til institusjonar som har hatt betyding for vedkommande sitt forskingsarbeid, og at det ved ekstern finansiering vil vere aktuelt å kreditere andre enn den institusjonen ein har eit tilsettingsforhold til.

  4. I samsvar med brev frå Helse- og omsorgsdepartementet av 25. mars 2008 bør statlege øyremerkte midlar som blir tildelt av Helse Vest og det regionale samarbeidsorganet bli tildelt institusjonar og einingar som inngår i det nasjonale målesystemet for forsking i helseføretaka. Dette skal dokumenterast gjennom kreditering til den same institusjonen ved å opplyse om korrekt adresse på publikasjonane. Det må vere ei eintydig adresse til eit av helseføretaka i regionen eller ein av dei private, ideelle institusjonane som har avtale med Helse Vest RHF og som bidreg til å oppfylle Helse Vest RHF sitt "sørgje for-ansvar".

Hovudregel

Det er den enkelte forskar som avgjer kreditering ut frå følgjande hovudreglar:

  • Ein institusjon skal gis som adresse i ein publikasjon dersom den har gitt eit nødvendig og vesentleg bidrag til eller grunnlag for ein forfattar sin medverknad til det publiserte arbeidet.

  • Same forfattar skal også gi andre institusjonar sine adresser dersom desse i kvart einskild høve også fyller kravet i punkt 1.

Institusjonar utan vesentleg bidrag kan førast opp under "acknowledgements".

Motivering

Forskingsaktiviteten blir målt i talet på doktorgrader utført ved eller finansiert av eit helseføretak og vitskaplege artiklar med ei forfattaradresse som viser til eit sjukehus i regionen. Det skal alltid adresserast til eit sjukehus/helseføretak i regionen uavhengig av kven som rekneskapsfører midlane.

Merk at forskarar som ikkje er tilsett i eit sjukehus i regionen skal oppgi ei forfattaradresse til sjukehuset der forskinga er utført. Disse retningslinjene er i samsvar med nasjonalt vedtekne normer for forfattaradressering på tvers av UH-, institutt- og helsesektoren.

Dersom vitskapelege artiklar blir krediterte i samsvar med desse retningslinjene vil dette ha ein betydeleg og direkte verknad på størrelsen av forskingsmidlar som blir utlyst av Helse Vest 15. september kvart år i dei påfølgjande tre år etter publisering.

For at Helse Vest skal få utteljing i form av auka øyremerkte forskingsmidlar må vitskapelege artiklar krediterast og utvitydig adresserast til det sjukehuset der forskinga har vore utført. Dersom fleire forfattaradresser blir oppgitt ved publisering, noko som kan vere rett i mange høve, blir utteljinga redusert tilsvarande den brøken av forfattaradresser som ikkje viser til eit sjukehus i regionen.

Artiklar som kun er adressert Universitetet i Bergen, Høgskolen i Bergen eller Universitetet i Stavanger m.fl. gir inga utteljing for forskingsmidlane som Det regionale samarbeidsorganet forvaltar. Internasjonalt samforfattarskap er artiklar som er adressert til eit sjukehus i regionen og som i tillegg har ei internasjonal forfattaradresse. Desse gir dobbel utteljing. Merk også at bruk av ”acknowledgement” ikkje gir utteljing i dette systemet.

Ved rapportering vil du bli spurt om å oppgi vitskapelege artiklar og doktorgrader som er eit resultat av forskingsmidlane tildelt av Det regionale samarbeidsorganet. Opplysningane du rapporterer inn vil bli samanstilt og kontrollert mot dei opplysningane som er registrert i CRIStin med Norsk vitenskapsindeks. Alle forskarar kan logge på CRIStin for å få oversikt over eigen forskingsaktivitet. Spørsmål kan rettast til cristin@helse-vest.no.

Forfattaradressering

Forskarar som er tildelt midlar frå Det regionale samarbeidsorganet mellom Helse Vest og universiteta i regionen, blir bedne om å angi ei forfattaradresse til det sjukehuset i Helse Vest kvar forskingsarbeidet er utført (pasientdata og/eller infrastruktur), eller kvar det på annan måte er forankra (jf. formålet med forskingsmidlane angitt under punkt 1 ovanfor).

Eksempel på adressering som gir utteljing:

  • Department of Surgery, Førde Hospital
  • Department of Thoracic Medisin, Haukeland University Hospital
  • Department of Pathology, Stavanger University Hospita

Eksempler på tvitydig (feil) adressering:

  • Institute for Internal Medicine, Haukeland University Hospital, University of Bergen
  • Department of Thoracic Medicine, University of Bergen
  • Department of Psykchiatry, Stavanger University Hospital, University of Bergen

Dei tre siste eksempla er tvitydige og gir ikkje utteljing fordi det blir adressert til to institusjonar på same linje. Her er det vanskeleg å sjå kva for ein institusjon det faktisk er adressert til. Dersom det er rett å adressere til to institusjonar skal ein dele opp adressene til dei to institusjonane på to linjer, eller to fotnoter.

Sist oppdatert 28.04.2023