Retningslinjer for tilbakemelding og klagetilgang

Retningslinjene er utarbeidde med utgangspunkt i retningslinjer for søknadsvurdering.

  1. Det vert gitt grunngjeving for avslag på søknaden. Grunngjevinga vil basere seg på notat frå søknadsbehandlinga og vil i hovudsak vere av generell og overordna karakter.
  2. Grunngjeving kan ventast innan 3 veker etter at tildelinga av forskingsmidlar er gjort kjent.
  3. Det er høve til å klage på saksbehandlingsfeil i behandling av søknaden. Det er ikkje anledning til å klage på utøvinga av det faglege skjønnet i vurderinga.
  4. Skriftleg klage skal fremjast gjennom søkjarinstitusjon ved at ansvarleg leiar skriv under på klagen.
  5. Klagen skal vere kortfatta (maks 2 sider), og det skal gjerast greie for kva saksbehandlingsfeil den gjeld.
  6. Fristen for klage er 3 veker etter mottatt grunngjeving.
  7. Klager på saksbehandlingsfeil vert handsama i ein eigen klageinstans.
  8. Endeleg vedtak blir fatta av samarbeidsorganet.
Fann du det du leitte etter?