Retningslinjer for utanlandsstipend

Det blir lagt vekt på internasjonalt nettverk og forskingssamarbeid i vurderinga av prosjekta som søkjer Helse Vest sine forskingsmidlar.

​​​​​​Page in English

Det regionale samarbeidsorganet bidreg med støtte til utanlandsopphald for forskarar og andre som søkjer H​else Vests forskingsmidlar. Sjå Kven som kan søkje forskingsmidlar.

Søkjarar til postdoktorstipend blir spesielt oppfordra til å gjennomføre eit utanlandsopphald i løpet av stipendperioden, sjå retningslinjer for postdoktorstipend.

Det blir gitt støtte til forskingsopphald for 6 eller 12 månader. Det kan søkjast om å få dekt følgjande kostnadar:

  • Opphald: Satsen varierer ut frå om ein reiser åleine eller med familie. Satsane for utanlandsstipend skal dekkje dokumenterte etablerings- og meirutgifter ved forskingsopphald i utlandet. Det vil bli trekt skatt av eit eventuelt overskot.
  • Reise: Det kan søkjast om dekning av reiseutgifter (billigaste reisemåte).  Innanfor eit og same prosjekt kan det gis støtte til fleire kortare opphald og fleire tur/retur reiser for forskarar som har barn under og i skolepliktig alder (under 16 år) og som vel å reise utan barn og ektefelle/samboer.

Det er ein føresetnad at lønn under utanlandsopphaldet blir dekt via stipend eller av arbeidsgivar.

Prosjektframstilling og andre vedlegg

Det skal lastas opp to vedlegg til søknaden:

1. Prosjektframstillinga

Det er utarbeidd felles mal for prosjektframstilling​ som skal nyttast ved innsending av søknad om forskingsmidlar. I denne vil du finne informasjon om kva element som skal inngå i prosjektframstillinga. Prosjektframstillinga skal lastast opp som vedlegg til søknaden (PDF-dokument).

2. Andre obligatoriske vedlegg

Vedlegga skal samlast i eit vedlegg i den rekkefølgja som er skissert nedanfor. Vedlegget skal lastast opp som eitt PDF-dokument under «Andre vedlegg» i søknadsskjemaet.

  1. Søkjaren skal leggje ved CV (sjå forslag til CV) og liste over publikasjonar for dei siste 5 åra. Merk at for søknadar om doktorgradsstipend er det stipendiaten som skal stå som søkjar.
  2. Forankringsavtale, dersom søkjaren ikkje er tilsett i eit helseføretak eller privat, ideell institusjon i regionen.
  3. Invitasjon frå det utanlandske forskingsmiljøet.
  4. Uttalelse frå eige fagmiljø.
Revidert juni 2021.
Fann du det du leitte etter?