Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Retningslinjer Pris til ung forskar

Prisen fokuserer på talentfulle unge forskarar innanfor helsevitskapane i regionen. Formålet med prisen er at han skal vere ein inspirasjon og ei påskjøning for lovande, unge forskarar. Dette er ein felles pris for institusjonane som inngår i Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon: Helse Vest RHF, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen og Universitetet i Stavanger.

​Vilkår og kriterium

Kandidaten må:

  1. Vere tilsett eller student ved ein av institusjonane som er med i Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon
  2. Vere 40 år eller yngre i nominasjonsåret
  3. Ha avlagt doktorgrad

I vurderinga av ung forskar blir det spesielt lagt vekt på om dei aktuelle forskingsbidraga er særleg framifrå eller løfterike ut frå alderen til forskaren. Forslag som blir fremja skal vere grunngivne og dokumenterte. Det blir lagt vekt på:

  • vitskaplege publikasjonar
  • andre synlege uttrykk for godt omdømme, status og gjennomslagskraft i nasjonale og internasjonale fagmiljø
  • betyding for eige fagmiljø, både i å fremje forsking og bidrag til betre helsetenester.

Det blir oppnemnd ein priskomité med tre eksterne medlemmar.

Prisen består av

100 000 kroner og eit kunstverk.

Prisen skal nyttast til forsking eller andre tiltak for å styrkje forskingsmiljø til forskaren i samsvar med ønska til prisvinnaren.

Det er utarbeidd eit eige skjema som forslagsstillar fyller ut. Forslag til kandidatar skal sendast til sekretariatet for Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon, forskning@helse-vest.no

Last ned forslagsskjema 2023-pris til ung forsker.docx

Sist oppdatert 23.06.2022