Tilskot til helsefremjande arbeid
Som ansvarleg instans for spesialisthelsetenesta i Helseregion Vest, gir Helse Vest kvart år støtte til brukarorganisasjonar. Tilskota skal brukast til formål som kan bli knytt til spesialisthelsetenesta eller har relevans for tenester i spesialisthelsetenesta.
Utlysing, frist, søknadsskjema
- Utlysinga har søknadsfrist 1. desember.
- Bruk søknadsskjemaet som finst på øvst på denne sida.
- I søknadsskjemaet skal det gjerast greie for planar, aktivitetar og budsjett (driftsmidlar) for 2025. Siste årsmelding og rekneskap skal leggjast ved søknadsskjemaet.
Kven kan få tilskot?
Tilskot kan givast til pasient- og brukarorganisasjonar som blir drivne av brukarar, har valt styre, og der opplæring og eigenmeistring er sentrale formål.
Som hovudregel vil fylkeslaga til brukarorganisasjonane bli prioritert. For organisasjonar som har både fylkesledd og regionledd, blir fylkesleddet prioritert. Lokalforeningar der det ikkje er fylkeslag, kan søkje.
Kva blir det gitt tilskot til?
Tilskot kan givast til drift og konkrete aktivitetar knytt til oppgåvene til spesialisthelsetenesta eller som har relevans for desse. I tillegg vil det bli lagt vekt på følgjande punkt i vurderinga av søknadene:
- Pasient- og brukarorganisasjonane si opplæring av brukarrepresentantar/tillitsvalde og organisering/koordinering av brukarrepresentasjon i spesialisthelsetenesta, for eksempel til forsking.
- Pasient- og brukarorganisasjonane sine eigne informasjons-/opplærings- og meistringskurs, fortrinnsvis i samarbeid med helsepersonell.
- Pasient- og brukarorganisasjonane si eiga opplæring i og utøving av organisert, frivillig likepersonarbeid i helsetenesta.
- Pasient- og brukarorganisasjonane sitt arbeid med rekruttering av unge, og personar med fleirkulturell bakgrunn som brukarrepresentantar og likepersonar.
Rapportering
-
Rapport om bruken av midlane skal sendast Helse Vest ved søknaden om tilskot.
- Rapporten (årsmeldinga) skal innehalde omtale av kva midlane er brukte til, og at dei er brukt i høve til tildelinga som beskrive i tildelingsbrevet.
- For tilskot over kr 1 000.000,- kan Helse Vest RHF krevje rekneskap frå revisor, eventuelt revisjon utført av Helse Vest RHF.
Retningslinjene for tildeling av tilskot blir utarbeidd etter drøfting med Det regionale brukarutvalet.