Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter (Hauglandsenteret) ligg i Fjaler kommune, sør-vest i Sogn og Fjordane fylke. Senteret har tilbod til pasientar med kreft, sjukleg overvekt, nevrologiske sjukdommar, tinnitus og menière, hjerneslag, kroniske muskel- og blautdelssmerter og hjerneskadar.

 ​​​

 

​Hauglandsenteret har eit dagtilbod til pasientar med kroniske muskel- og blautdelssmerter, og eit døgntilbod til følgjande diagnosegrupper:

  • Kreft
  • Sjukleg overvekt - (eigne tilvisingsrutinar - lage side)
  • Nevrologi; CFS/ME, CP, Parki​​nson, MS, seinskadar etter polio, andre nevrologiske lidingar
  • Tinnitus og Menière
  • Hjerneslag
  • Kroniske muskel- og blautdelssmerter
  • Hjerneskadar

​Hovudinnhaldet i tilbodet ved Hauglandsenteret

​​Mål for rehabiliteringa

  • Innlæring av hensiktsmessige strategiar for å meistre sjukdom og ny livssituasjon
  • Oppretthalde / betre funksjonsevna og redusere følgjetilstandar av sjukdom
  • Utprøving av tilpassa fysisk og sosial aktivitet som pasienten kan vidareføre heime
  • Motivere til endring og aktiv deltaking i eigen rehabiliteringsprosess
    Oppretthalde eller auke deltaking sosialt og i arbeidsliv

Tiltak for å nå måla:​

  • Tverrfagleg spesialisert rehabilitering med fokus på tilpassa fysisk aktivitet, kognitive endringsprosessar og tiltak retta mot auka sosial deltaking, evt. arbeidsdeltaking.
  • Tverrfagleg kartlegging av funksjonsevne med fokus på å styrkje pasienten sine eigne ressursar og moglegheiter
  • Praktisk og teoretisk undervisning i aktuelle tema
  • Kognitiv terapi i gruppe og individuell kognitiv terapi ved behov
    Lymfødembehandling ved behov
  • Tilpassa fysisk aktivitet individuelt og i gruppe, under rettleiing og evt. på eigehand
  • Individuell oppfølging i ADL-trening og trening av kognitive funksjonar ved behov
  • Dersom aktuelt, vurdering og utprøving av hjelpemiddel / aktivitetshjelpemiddel
  • Metodar: Tverrfagleg spesialisert rehabilitering; ICF-kartlegging; individuelt tilrettelagte aktivitetar individuelt og i gruppe; fysikalsk behandling; trening etter metodar som trappetrinnsmodell, LSVT, Bobath, Basal kroppskjennskap, friluftsliv; psykoedukasjon; gruppesamtale og motiverande intervju.

Hauglandsenteret har både dag- og døgntilbod innanfor ordninga «raskare tilbake» der ein legg vekt på:

  • Avklaring og betring av meistrings-, funksjons- og arbeidsevne samt medisinske problemstillingar, med mål om raskare tilbakekomst til arbeid.
  • Bevisstgjering av samanhengen mellom arbeid og helse.
  • Trygging og avlæring ved kinesiofobi/ fear avoidance behaviour. Auke motivasjon til deltaking i arbeidslivet.

Bistandsbehov

​Alle pasientar ved Hauglandsenteret får enklare hjelp og assistanse ved behov. I tillegg kan om lag 18 prosent av døgnplassane ved senteret ta imot pasientar med behov for døgnkontinuerleg assistanse og tilrettelegging i samband med til dømes personleg stell, påkledning, forflytting og måltid. Bistandsbehova kan også skyldast lettare kognitive vanskar.

Hauglandsenteret kan også ta imot eit avgrensa tal pasientar med særleg store bistandsbehov (Barthel ADL indeks ned til 30) innanfor pasientgruppene kreft, nevrologi, hjerneslag og hjerneskadar.

Faggrupper

Tverrfagleg rehabilitering ved Hauglandsenteret blir utført av følgjande faggrupper:​​

  • Legar (inkl. spesialistar i fysikalsk medisin og rehabilitering)
  • Sjukepleiarar
  • Fysioterapeutar
  • Ergoterapeutar
  • Idrettspedagogar​​​
  • Klinisk ernæringsfysiolog
  • Sosionom/attføringskonsulent
  • Samhandlingskoordinator
  • Tilgang til logoped, psykolog og nevropsykolog
  • Tilgang til relevante legespesialitetar


 

Foto: Steinars Foto & Repro​


 

Kontaktinformasjon

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter
6968 Flekke

Telefon: 57 73 71 00

E-post:
inntak@rkhr.no​

Heimeside:
www​.rkhr.no​​​

Tilvising

​Tilvising rehabilitering