We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
logo Helse Vest
Babyhånd i nærbilde. iStock. Foto.

Kvalitet

Helsetenesta skal vidareutviklast slik at pasientar og brukarar i større grad får trygg og god helsehjelp.

Utvikling av kvalitet er eit arbeid som skal gå for seg heile tida og i størst mogleg grad vere integrert i det daglege arbeidet vi gjer. Pasienttryggleik handlar ofte om det helsepersonell gjer kvar einaste dag ​​i sjukehusa. Pasientane skal vere sikre på at tenestene verkar, er trygge og at dei heng godt saman når ein er avhengig av helsehjelp frå fleire stader. Det skal vi få til ved å arbeide målretta og systematisk innanfor utvalde område.

Gjennom metoden kontinuerleg forbetring arbeider Helse Vest med å redusere pasientskadar, forbetre pasienttryggleikskulturen og by​​gge varige strukturar for pasienttryggleik. Arbeidet med å redusere skadar, held fram og følgjer Regional plan for kvalitet og pasienttryggleik.

Regional plan for kvalitet og pasienttryggleik 2020-2024

For å nå målet om å etablere varige strukturar for høg kvalitet og pasienttryggleik, er det nødvendig med kompetanse i forbetrin​gsmetodikk i heile tenesta. Helse Vest har utvikla eit eige kompetansehevingsprogram i forbetringskunnskap.

Regionalt kompetansehevingsprogram i forbetringskunnskap (pdf)

Det er viktig at leiarar og medarbeid​arar i sjukehusa har kunnskap om korleis dei kan påverke til endring og spreie og vedlikehalde endring for å oppnå kvalitetsforbetring.

Helse Vest jobbar med eit nytt program for leiaropplæring i forbetringsatrbeid. Dette vil byggje på regional forbetringsutdanning og​​​ forskrift for leiing og kvalitetsforbetring i helsetjenesta.

Regionalt

Regional forbetringsutdanning i forbetringsmetodikk

Fagstoff

Pasientsikkerhetsprogrammet I ​trygge hender

Introduksjon til forbetringsmodellen

Institute for Healthcare Improvement, IHI

Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest er ein serviceinstans for oppretting og drift av medisinske kvalitetsregister. Eit medisinsk kvalitetsregister samlar informasjon om utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar innanfor definerte sjukdomsgrupper. Hovudmålet med registera er å bidra til å betre kvaliteten for pasienten, og minske uønskt vari​asjon i helsetilbod og behandlingskvalitet. Resultata frå registera skal nyttast til kvalitetsforbetring, og vere ei kjelde til kvalitetssikring og forsking.

Fagsenteret, også kalla Nasjonalt servicemiljø region Vest, har ein regional funksjon. Senteret gir service til kvalitetsregister med nas​jonal status, men også til regionale og lokale register i Helse Vest. Fagsenteret tilbyr rettleiing i samband med oppretting og drift av nye og eksisterande medisinske kvalitetsregister. Ta kontakt med: kvalitetsregistre@helse-vest.no

Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest/Nasjonalt servicemiljø region Vest

Her er eit utval prosjekt som har vore gjennomførte i regionen:

Ein god start

Ren vei - trygg kjøring

Nyfødt tidlegare heim

Nasjonale målingar

Følg med på pasienttryggleiksmålingar (I trygge hender 24/7)

Oversikt over kvalitetsindikatorar (Helsenorge)Leiing og kultur (I trygge hender 24/7)GTT-måling (Helsedirektoratet)

Pasienterfaringsundersøkingar

Regionalt nettverk for pasienterfaringsundersøkingar i Helse Vest har i oppgåve å bidra i planlegging og tilrettelegging av årlege pasienterfaringsundersøkingar i Helse Vest. Nettverket består av representantar frå alle helseføretaka og dei private ideelle institusjonane i Helse Vest. Det regionale nettverket er leia av Fagsenter for pasientrapporterte data i Helse Bergen.

​Det er utarbeidd eit felles verktøy i regionen for å gjennomføre lokale pasienterfaringsundersøkingar. Resultata skal nyttast i forbetringsarbeidet og skal publiserast på heimesidene til helseføretaka/institusjonane.

Regionale pasienterfarings​undersøkingar (helse-bergen.no)

Program for pasienttryggleik arrangerer årleg ein Kvalitets- og registerkonferanse. Dette er ein viktig møteplass for alle dei som arbeider med pasienttryggleik og kvalitetsforbetring i Helse Vest.​​

Meir om Kvalitets- og registerkonferansen

Såkornmidlar

Har du ein idé til eit forbetringsprosjekt? Helse Vest deler kvart år ut midlar til lokale initiativ for å stimulere til pasienttryggleiksarbeid og kvalitetsutvikling i regionen.

Les meir og finn søknadsskjema

Stimuleringsmidlar til bruk av data frå kvalitetsregister

Les meir og finn søknadsskjema


F​​orskings​m​idl
ar

Midlar til forsking på pasienttryggleik inngår i dei ordinære forskingsmidlane i Helse Vest. Midlane blir lyste ut i juni kvart år. Søknadsfristen er i september og tildelinga skjer i november.

Les meir ​og finn elektronisk søknadsskjema

 

 

Last updated 9/18/2024