Kvalitets- og registerkonferansen 2021 arrangeres 5.-6. mai i Stavanger.
Kvalitetsprisen
Som del av Kvalitetskonferansen blir det delt ut ein kvalitetspris. Prisen er på 100 000 kroner og eit kunstverk. Prisen går til ein eller fleire personar som gjennom forskingsarbeidet sitt har bidratt til å heve kvaliteten eller pasienttryggleiken på tenestetilbodet i spesialisthelsetenesta.
Arbeidet bør støtte opp under Program for pasienttryggleik i Helse Vest. Arbeid som omhandlar implementering av kunnskapsbaserte forbetringstiltak, er òg aktuelle.
Slik kan du melde inn kandidatar
Vinnar av Kvalitetsprisen 2020: Haraldsplass Diakonale Sykehus
Tidlegare vinnarar av KvalitetsprisenPris for beste poster
Medarbeidarar eller leiarar i Helse Vest som har gjennomført eit forbetringsprosjekt, kan dele erfaringane sine med andre ved å stille ut ein poster under konferansen.
Beste poster blir premiert med deltakaravgift til konferansen "International Forum on Quality & Safety in Healthcare". Reise og opphald må betalast sjølv.
Det er deltakerane på konferansen som bestemmer kva poster som er den beste. Vinnaren blir annonsert på konferansen.
Ønskjer du å stille med poster?
Meld inn posteren din til elisabeth.huseby@helse-vest.no. Merk e-posten med «Kvalitetsposter» Bruk gjerne Program for pasienttryggleik sin postermal.
Poster-mal (liggjande)
Poster-mal (ståande)Du trykkjer posteren din sjølv og tar den med på konferansen. Der vil det vere eit eige lokale for framvising av posterar.