Sjå alle retningslinjene for Helse Vests forskingsmidlar
Om Helse Vest forskningsmidlar
Det regionale samarbeidsorganet har vedteke at 75 prosent av forskingsmidlane i Helse Vest skal gå til den opne, søkbare runden med årleg søknadsfrist 15. september. Forskingsmidlar som blir tildelt gjennom den opent utlyste prosessen skal få fram gode søknadar innanfor helseforsking, og blir ikkje tildelt ut frå særskilte tema eller fagområde.
I tillegg har Det regionale samarbeidsorganet vedteke at inntil 25 prosent av forskingsmidlane skal øyremerkast strategiske satsingar. Dei strategiske forskingsmidlane skal gå til å heve forskingssvake område, ivareta politiske prioriteringar og støtte spesielt gode miljø som ein ønskjer skal heve seg ytterlegare. Dei strategiske midlane har ikkje faste årlege utlysingar, men blir lyst ut etter tilgjengelege midlar og behov.
Tildelingar
Helse Vests ope utlyste forskingsmidlar for 2023
Helse Vests ope utlyste forskingsmidlar for 2022
Helse Vests ope utlyste forskingsmidlar for 2021
Helse Vest ope utlyste forskingsmidlar for 2020 og nye strategiske satsingar 2020-2024
Helse Vests ope utlyste forskingsmidlar for 2019
Helse Vests ope utlyste forskingsmidlar for 2018
Helse Vests ope utlyste forskingsmidlar for 2017
Helse Vests ope utlyste forskingsmidlar for 2016
Helse Vests ope utlyste forskingsmidlar for 2015
Stipendsatsar
Doktorgradsstipend
- Sats 2021: 965 000
- Sats 2022: 993 000
- Sats 2023: 1 022 000
- Sats 2024: 1 052 000
Postdoktorgradsstipend
- Sats 2021: 1 133 000
- Sats 2022: 1 166 000
- Sats 2023: 1 200 000
- Sats 2024: 1 235 000
Utanlandsstipend m/familie
Utanlandsstipend u/familie
Satsing på eksterne forskingsmidlar
Insentivprogram for eksterne forskingsmidlar
Søk om posisjoneringsmidlar retta mot EU eller NFRInformasjonsbrosjyre for Helse Vests forskingsmidlar
Har du fått stipend frå Helse Vest?
Då kan du finne nyttig informasjon i brosjyren frå Sekretariatet for regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon.