Midlane kan også nyttast til søknadsskriving til COST Actions, der eit helseføretak eller ein privat, ideell institusjon med avtale med Helse Vest er oppført som «Chair» for aktiviteten i nettverket.
Merk! Det må søkjast om posisjoneringsmidlar i god tid før fristen på den aktuelle utlysinga går ut. Midlane kan ikkje brukast til andre utlysingar.
Kven kan søkje – krav på søknadstidspunktet
Ved søknadar om posisjoneringsmidlar må søkjaren vere tilsett i eit helseføretak i regionen eller i ein privat, ideell institusjon som har avtale med Helse Vest. Søkjaren må ha avlagt doktorgrad. Det er utarbeidd eit eige søknadsskjema for midlane.
Søknadskjema og tematiske områdar, EU-søknadar
Det kan gis posisjoneringsmidlar for prosjektsøknader innanfor program/utlysningar som inngår i årlig nøkkeltallsrapportering til NIFU. Døme på slike program er:
- Health, demographic change and wellbeing
- Marie Curie Actions
- European Reseach Council (ERC)
- Food quality and marine research
- Leadership in enabling and industrial technologies: ICT
- Leadership in enabling and industrial technologies: Nanotechnologies, advanced materials, biotechnology, and advanced manufacturing and processing
- Future and Emerging Technologies
- Innovative Health Initiative (IMI)
- Active and Assisted Living Joint Programme (AAL)
- Neurodegenerative Disease Research Joint Program (JPND)
- European Cooperation in Science and Technology (COST)
Andre utlysingar kan også vere aktuelle. Ta gjerne kontakt med
forskning@helse-vest.no dersom du lurer på om du kan søkje om posisjoneringsmidlar retta mot andre program/utlysningar.
Søknadsskjema, satsing mot EU-søknader
Det kan søkjast om:
- kr 50 000 for å bli partnar i prosjektsøknadar
- kr 50 000 til søknadsskriving av COST Actions der eit helseføretak /privat, ideell institusjon med avtale med Helse Vest er oppført som "Chair" for aktiviteten i nettverket.
- kr 150 000 som koordinator for prosjektsøknadar
Søknadsskjema, satsing mot EU
Søknadsskjema og program, NFR-søknadar
Det kan gis posisjoneringsmidlar for prosjektsøknader innanfor program/utlysningar som inngår i årlig nøkkeltallsrapportering til NIFU. Døme på slike program er:
- Bedre helse og livskvalitet gjennom livsløpet (BEDREHELSE)
- Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstjenester (HELSEVEL)
- God og treffsikker diagnostikk, behandling og rehabilitering (BEHANDLING)
- Global helse- og vaksinasjonsforskning (GLOBVAC)
- Fri prosjektstøtte (FRIPRO)
- Senter for Fremragende Forskning (SFF)
- Senter for forskningsdrevet innovasjon (SFI)
- Infrastruktur
- Forskningssenter for Klinisk Behandling
- Innovasjon i offentlig sektor
- Førkommersiell anskaffelser
- Pilot Helse
- KSP
Andre utlysingar kan også vere aktuelle. Ta gjerne kontakt med forskning@helse-vest.no dersom du lurer på om du kan søkje om posisjoneringsmidlar retta mot andre program/utlysningar.
Søknadskjema, retta mot NFR-søknader
Søknadsskjema, retta mot NFR-søknaderDet kan søkjast om midlar for posisjonering inntil:
- kr 50 000 som prosjektansvarleg for søknaden (project owner)
- kr 150 000 som prosjektansvarleg for søknad til store program (SFI, SFF, SKB, infrastruktur og tilsvarende)
Ved eventuell tildeling – krav til forankring og rekneskapsføring
Det er viktig at forskingsprosjekt som skal utførast ved føretaka i Helse Vest er godt forankra i institusjonane. Under finn du informasjon om korrekt forankring av søknadar til EU og NFR. Korrekt forankring er ein føresetnad for å kunne få tildelt posisjoneringsmidlar. Ta også alltid kontakt med forskingsavdelinga ved føretaket før søknad om forskingsmidlar blir sendt.
Forankring av EU-søknadar
Ein føresetnad for å få tildelt posisjoneringsmidlar retta mot EU er at eit føretak i Helse Vest er/blir oppført som administrativ og juridisk kontraktspartnar/koordinator i EU-søknaden. JRU-avtaler gir ikkje grunnlag for tildeling av posisjoneringsmidlar. Kvittering for innsendt EU-søknad og stadfesting på at institusjonen støttar EU-søknaden må sendast til forskningsmidler@helse-vest.no.
For korrekt forankring av søknad om forskingsmidlar frå EU, må følgjande PIC-kodar nyttast:
- Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus: 983562444
- Helse Stavanger HF, Stavanger universitetssjukehus: 997441592
- Helse Førde HF, (kontakt fag- eller forskingsansvarleg ved institusjonen)
- Helse Fonna HF, (kontakt fag- eller forskingsansvarleg ved institusjonen)
- Sjukehusapoteka Vest HF (kontakt fag- eller forskingsansvarleg ved institusjonen)
Ved innsending av mellom anna partnarsskapssøknad er det ikkje alltid krav om å føre opp PIC-nummer i søknadsskjemaet. Institusjonsadressene slik dei står ovanfor, skal då nyttast for å sikre korrekt forankring. Merk at posisjoneringsmidlane vil bli trekt tilbake dersom det blir sendt inn EU-søknad som ikkje er forankra i eit helseføretak, dvs. manglande bruk av PIC-kodane eller institusjonsadressene ovanfor.
Forankring av NFR-søknadar
Ein føresetnad for å få tildelt posisjoneringsmidlar retta mot NFR er at eit føretak i Helse Vest er/blir oppført som prosjektansvarleg for søknaden. For korrekt forankring av søknad om forskingsmidlar frå NFR som prosjektansvarleg, må følgjande institusjonsadresser/organisasjonsnummer nyttast:
- Helse Bergen HF, organisasjonsnummer 983974724
- Helse Stavanger HF, organisasjonsnummer 983974678
- Helse Fonna HF, organisasjonsnummer 983974694
- Helse Førde HF, organisasjonsnummer 983974732
- Sjukehusapoteka Vest HF, organisasjonsnummer 983974716
Merk at posisjoneringsmidlane vil bli trekte tilbake dersom det blir sendt inn NFR-søknad som ikkje er forankra i eit helseføretak, dvs. manglande bruk av institusjonsadressene ovanfor. Kvittering for innsendt søknad skal sendast til forskningsmidler@helse-vest.no.
Rekneskapsføring
Ved tildeling av posisjoneringsmidlar skal midlane rekneskapsførast i eit helseføretak i regionen, eller i ein privat, ideell institusjon som har avtale med Helse Vest, jf. dei generelle retningslinjene for forskingsmidlane og oppdragsdokumentet frå Helse- og omsorgsdepartementet til dei regionale helseføretaka i 2012.
Spørsmål om posisjoneringsmidlar kan sendast til forskningsmidler@helse-vest.no.