Kvalitet for pasienten
Eit medisinsk kvalitetsregister samlar strukturert informasjon frå heile behandlingsforløp for pasientar innanfor definerte sjukdomsgrupper. Informasjon om utgreiing, behandling, oppfølging og resultat av behandlinga gjer oss kunnskap om uberettiga variasjon i helsetilbodet og kvalitet i helsetenesta.
Hovudformålet med dei medisinske kvalitetsregistera er å medverke til betre kvalitet på behandlinga pasienten får, og redusere uberettiga variasjon i helsetilbod og behandlingskvalitet.
Du kan lese meir om servicetilbodet vårt, organisering og kontaktinformasjon på sida "Om fagsenteret".