Før kvalitetsregister vert valgt som metode, bør du vurdere om svara på det du ynskjer å undersøke faktisk kan formulerast som konkrete endringstiltak. Dette er avgjerande for å oppfylle målet med registeret.
Registeret må ha eit definert formål om å forbetre kvaliteten i pasientbehandlinga. Det må også ha forankring både i kliniske fagmiljø og i pasientgruppa. Ein grundig definisjon av inklusjonskriterium er også viktig i etableringsfasen. Hovudformålet med kvalitetsregister er kvalitetsforbetring og du bør derfor tenkje over moglege forbetringsområde.
Lokale kvalitetsregister vert ofte brukt til kvalitetssikring i intern verksemd etter
helsepersonellova § 26, som gir adgang for helsepersonell til å gi opplysingar til leiinga av verksemda for å kvalitetssikre tenesta.
Regionale kvalitetsregister dekkjer éin eller fleire verksemder som yter helsetenester, til dømes eitt eller eller fleire helseføretak.
Nasjonale kvalitetsregister er landsomfattande og kan vere etablerte med eller utan nasjonal status.
Malar til etablering
I arbeidet med å etablere kan det vere lurt å fylle ut ein registerbeskrivelse i starten. Fagsenteret har utarbeidd ein mal for dette.
Mal for registerbeskrivelse (DOCX)
Før du startar å samle inn data må det vurderast om det trengst å gjennomføre ein konsekvensvurdering for personvern. Fagsenteret har utarbeidd ein mal for dette.
Mal for utfylling av personvernkonsekvensvurdering (DOCX)
Søkbare midlar
Regionale stimuleringsmidlar
På vegner av Helse Vest blir det årleg lyst ut stimuleringsmidlar (inntil kr. 150 000,-) til etablering av kvalitetsregister.
Les meir