Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
logo Helse Vest

Internrevisjon

Internrevisjonen skal på oppdrag frå styret i Helse Vest RHF overvake og bidra til forbetringar i føretaksgruppa si verksemdstyring, risikostyring og internkontroll.

Internrevisjonen skal bidra til at føretaksgruppa utøver si verksemd i tråd med gjeldande lov og rett, nasjonale rettleiarar, og eigne vedtekne krav. Internrevisjonen skal også bidra til at føretaka har ei god og effektiv bruk av ressursar, både når det gjeld pasientbehandling, administrative oppgåver og andre oppgåver som ligg til drifta.

I tillegg vil internrevisjonen følgje opp om ein lærer av avvik som blir avdekt av andre tilsyns- og kontrollinstansar, som for eksempel Helsetilsynet eller Riksrevisjonen.​

Internrevisjonen kan gjennomføre kontrollar hos private institusjonar og spesialistar som Helse Vest har avtale med, innanfor dei rammene som er sette i avtalen med vedkommande.

Internrevisjonen er sekretær for revisjonsutvalet.​

Internrevisjonen skal vere uavhengig av dei einingane som skal reviderast, både helseføretaka og det regionale helseføretaket. Derfor er internrevisjonen underlagt styret i Helse Vest RHF, og får instruks frå styret. Styret sitt revisjonsutval følgjer opp arbeidet i internrevisj​onen. Styret vedtek årleg plan for internrevisjonen.

Internrevisjonen baserer seg på etiske reglar og fagleg anerkjende standardar for utøving av intern revisjon. Dei blir gitte ut av The Institute of Internal Auditors (IIA) og Norges Interne Revisorers Forening​ (NIRF). Vår metodikk skil seg frå den mange kjenner frå Helsetilsynet og andre statlege tilsyn, mellom anna ikkje å nytte omgrepa «merknad» eller «avvik».

Vi arbeider etter ein kombinasjon av fleire metodar, avhengig av kva som er formålet med undersøkinga. Vi intervjuar alltid leiing og nøkkelpersonar i den reviderte eininga, gjerne også samarbeidspartnarar, brukarar og pasientar. Tidvis vil vi sende ut spørjeundersøkingar, og vi analyserer alltid ulike typer dokument og statistikk.

Føretaksleiinga vil alltid bli orientert om oppstart og gjennomføring, og få høve til å verifisere og kommentere rapportane før dei går til styret.

Dette skal du som kjem i kontakt med oss, vente:

  • ​Vi legg vekt på samarbeid og god dialog med dei vi reviderer
  • Vi legg vekt på å opptre sakleg og profesjonelt og vi lyttar og utfordrar
  • Vi melder frå i god tid og gjennomfører revisjonane så effektivt og skånsomt som mogleg for den daglege drifta i revidert eining

Vi ventar av deg:

  • Du sender over all den informasjonen vi ber om og er klar over at internrevisjonen har same teieplikt som deg
  • Du set av nødvendig tid for at vi skal kunne gjennomføre revisjonen på ein god måte for alle partar
  • Du går gjennom utkastet til rapport slik at vi kan korrigere rapporten før han blir endeleg.

Dei aller fleste undersøkingane ender opp i ein rapport som blir lagd fram for styra i helseføretaka og det regionale helseføretaket.

Administrerande direktør skal utarbeide ein handlingsplan for korleis føretaket vil følgje opp dei tilrådingane som går fram av revisjonsrapporten. Internrevisjonen vil seinare etterspørje status på gjennomføring av handlingsplanen. Denne statusrapporteringa går både til føretaksstyra og til revisjonsutvalet i Helse Vest RHF.

Dei tilsette i internrevisjonen i Helse Vest RHF er:

Bjørn Munthe
leiar
tlf. 906 59 869

Sara Svela
rådgivar

Caroline Øie​
rådgivar

Revisjonsutvalet

Årsrapportar og planar

      ​​Internrevisjonsrapportar

        ​​

          Ingen rapportar i 2020.

               

               

              Sist oppdatert 02.10.2024